Steingrímur Hermannsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Steingrímur Hermannsson
Fødd 22. juni 1928

Reykjavík

Død 1. februar 2010
Reykjavík
Parti Framsóknarflokkurinn

Steingrímur Hermannsson (22. juni 19281. februar 2010) var islandsk statsminister i to periodar, først frå 1983 til 1987, og deretter frå 1988 til 1991. Han var òg utanriksminister, justisminister, landbruksminister, fiskeriminister og transportminister. Hermannsson var òg partileiar for Framsóknarflokkurinn i 25 år, frå 1979 til 1994.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Han var son av statsminister Hermann Jónasson. Då han voks opp, var Island forma av Den store depresjonen, og som ung høyrde han ofte på når faren diskuterte andre verdskrigen heime. Han ville ikkje inn i politikken, men drog til USA for å studera i 1948. Hermannsson utdanna seg til ingeniør i Chicago og på Caltech, og vart direktør for Islands forskingsråd i 1957. Men i 1960-åra gjekk han likevel inn i politikken og vart vald inn til Alltinget i 1971, før han vart partileiar i 1979.

Etter å ha tent som statsminister vart han sjef for Islands nasjonalbank, ei stilling han hadde frå 1994 til han vart pensjonist i 1998.

I 1986 var han vert for toppmøtet i Reykjavík, der Mikhail Gorbatsjov og Ronald Reagan møtte kvarandre. Sjølv om det ikkje vart vurdert som så svært vellukka, bana møtet vegen for avsluttinga av den kalde krigen. Island var det første landet som anerkjende Litauen som uavhengig av Sovjetunionen, noko som skuldast Hermannsson sin sterke stønad til Vytautas Landsbergis.

Pensjonist[endre | endre wikiteksten]

Ein del folk ville nominera han til president i 1996, men det takka han nei til, han ønskte å gå av då han var 70 og ikkje sitja ut over det. Etter at Hermannsson trekte seg tilbake, heldt han til å begynna med ein låg profil. Men seinare engasjerte han seg, blant anna mot EU, og han vart meir kritisk overfor sitt gamle parti. Hermannsson støtta eit miljøinitiativ som vart teke før valet i 2007, noko som medførte at han nesten mista rolla som partiets grand old man.[treng kjelde]

Han gav ut erindringane sine i tre band frå 1998 til 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]