Stilnamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Stilnamn eller tiltalenamn (kinesisk skrift 字, pinyin ) er eit namn ein får som vaksen i tillegg til namnet ein har brukt gjennom oppveksten.[1] Denne typen namn har vore vanleg i sinosfæren, det vil seia Kina, Japan, Korea og Vietnam.[2] Det blei nytta som tiltalenamn mellom jamnaldrande eller av yngre til eldre.

I Kina fram til tidleg på 1900-talet fekk kinesiske menn av ein viss sosial status eit slikt stilnamn når dei blei rekna som vaksne, typisk ved fylte 20 etter kinesisk aldersrekning. Også kvinner av høgare sosial status kunne ha stilnamn, som dei ofte fekk i samband med giftarmål.[3] Bruken av stilnamn blei omtalt anerkjennande i ein passasje i det kinesiske klassiske verket Liji, som skildrar sosiale rituale frå Zhou-dynastiet. Der blir det sagt at det var uhøfleg å tiltala kvarandre med personnamn («fornamn») blant vaksne menn, for dette var namn som berre eldre menneske kunne nytta om yngre.

Stilnamn blei også nytta i Vietnam (tự) og Korea. Skikken med stilnamn forsvann i samband med den kinesiske nye kulturelle rørsla som særleg rundt år 1919/1920 gjorde opprør mot mange gamle, framfor alt konfutsianske, tradisjonar.

Mange personar frå kinesisk historie er kjende under fleire namn. Dette kjem dels av bruken av slike stilnamn (zi), dels bruken av ein annan type pseudonym kalla kunstnarnamn (kinesisk hao, koreansk ko.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Kinesisk Slektsnamn Personnamn Stilnamn
Laozi 老子 Li Er Boyang 伯陽
Kongzi (Konfutse) 孔子 Kong Qiu Zhongni 仲尼
Sunzi (Sun Tzu) 孫子 Sun Wu Changqing 長卿
Cao Cao 曹操 Cao Cao Mengde 孟德
Guan Yu 關羽 Guan Yu Yunchang 雲長
Liu Bei 劉備 Liu Bei Xuande 玄德
Zhuge Liang 諸葛亮 Zhuge 諸葛 Liang Kongming 孔明
Zhao Yun 趙雲 Zhao Yun Zilong 子龍
Li Bai 李白 Li Bai Taibai 太白
Su Dongpo 蘇東坡 Su Shi Zizhan 子瞻
Yue Fei 岳飛 Yue Fei Pengju 鵬舉
Yuan Chonghuan 袁崇煥 Yuan Chonghuan 崇煥 Yuansu 元素
Liu Ji 劉基 Liu Ji Bowen 伯溫
Tang Yin 唐寅 Tang Yin Bohu 伯虎
Mao Zedong 毛澤東 Mao Zedong 澤東 Runzhi 潤之
Chiang Kai-shek 蔣介石 Jiang Zhongzheng 中正 Jieshi 介石

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Origins of Chinese Names. 2007. s. 142. ISBN 978-9812294623. In ancient times, besides having a surname and a given name, one would have a courtesy name 'Zì' as well. The courtesy name was the proper form of address for an adult. On reaching 20 years of age, young men would 'put on the hat' as ... 
  2. Names of Persons and Titles of Rulers
  3. «Qū lǐ shàng» 曲禮上 [Summary of the Rules of Propriety Part 1]. Lǐjì 禮記 [Book of Rites]. Line 44. A son at twenty is capped, and receives his appellation....When a daughter is promised in marriage, she assumes the hair-pin, and receives her appellation.