Stjørdalshalsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stjørdalshalsen
stad
Stjørdalshalsen og bygdene kring sett frå Forbordsfjellet
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Stjørdal
Areal 7,45 km²
Folketal 13 596  (2023)
Folketettleik 1 825 / km²
Postnummer 7500 STJØRDAL
Kart
Stjørdalshalsen
63°28′04″N 10°55′03″E / 63.467777777778°N 10.9175°E / 63.467777777778; 10.9175
Wikimedia Commons: Stjørdalshalsen

Stjørdalshalsen er det tidlegare namnet på sentrum i Stjørdal kommune. Det blir ofte forkorta til Halsen (uttalt Hæsj'n på lokal dialekt). I dag seier ein som oftast berre Stjørdalen (uttale: Sjørdal'n) om tettstaden. Stjørdalen fekk bystatus i 1997, og har om lag 10 500 inbyggjarar (2007).

Byen er handelssentrum for omliggande distrikt. Mange av innbyggjarane jobbar i Trondheim, men det er også mykje pendling av arbeidstakarar til Stjørdal frå nabokommunane. Statoils hovudadministrasjon for Heidrunfeltet ligg like utanfor.