Stjerneeple

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stjerneeple
Stjerneeple
Stjerneeple
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Sapotaceae
Slekt: Chrysophyllum
Art: Stjerneeple C. cainito
Vitskapleg namn
Chrysophyllum cainito

Stjerneeple er frukta frå treet Chrysophyllum cainito i sapodillefamilien.[1]

Treet er eviggrønt og kan bli 15–20 m høgt. Frukta er kulerund, 5–10 cm i diameter og grøn til purpurfarga. Ho inneheld 3–8 frø som ligg i kvitt, søtt fruktkjøt. Frukta er delt inn i 8 segment som dannar eit stjerneforma mønster når ho blir delt på tvers.[1]

Arten veks naturleg i Karibia og Mellom-Amerika. Han er avhengig av eit fuktig, tropisk klima og er vanleg dyrka i Søraust-Asia.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «stjerneeple». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 23. februar 2021. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • «Chrysophyllum cainito». World Agroforestry Centre. Henta 3. mai 2020. 
  • Navn på frukt, bær og nøtter. Ås: Statens fagtjeneste for landbruket. 1993. s. 24. ISSN 0803-2173.