Straumøya på Fitjar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Straumøya
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fitjar
Gardnummer 47
Kart
Straumøya på Fitjar
59°53′39″N 5°14′34″E / 59.894166666667°N 5.2427777777778°E / 59.894166666667; 5.2427777777778

Straumøya er ei øy i Fitjarøyane i Fitjar kommune. Øya ligg mellom Ålforo i vest og Ivarsøy i vest med Avløypet i nord og Hjelmen i aust-søraust.

Garden Straumøyo ligg nordaust på øya. Det er ingen vegar på øya.

Garden[endre | endre wikiteksten]

Garden på Straumøya var opphavleg husmannsplass under Fitjargarden. I 1723 vart plassen skyldsett og vert då rekna som ein sjølvstendig gard, men låg under Fitjargarden til 1755, då eigaren av Fitjar selde til brukaren Tørres Olson. Seinare har brukarane vore sjølveigarar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

På begge sider av Straumøya ligg lange, smale sund, som det er mykje straum i ved flo og fjøre. Dette har gjeve namn til øya. Namnet vart skrive Strømøen, Strømmen og Strømen oppgjennom tidene. Daglegnamnet er Straumøyo.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya er kring 1,6 km lang og kring 450 meter på det breiaste. Det høgaste punktet på øya er 53,5 meter over havet, like vest om garden.

Mellom Ivarsøy og Straumøya i aust ligg Straumøysundet, og mellom Ålforo og Straumøya i vest ligg Vestra Straumøysundet. Sistnemnde er kring 35-40 meter på det smalaste. Nord for Straumøya ligg Eriksholmen og Ivarøyneset. I sør ligg holmane Straumøybleikjene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]