Ålforo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ålforo
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fitjar
Folketal 2  (2023)
Postnummer 5419 FITJAR
Kart
Ålforo
59°52′47″N 5°14′50″E / 59.87983°N 5.24713°E / 59.87983; 5.24713

Ålforo er ei øy i Fitjarøyane i Fitjar kommune. Ho er den klart største av Fitjarøyane og ligg midt i den gamle skipsleia mellom øya Stord og Bømlo. Folketalet i 2023 er to personar.

Ålforo er langstrekt, om lag 6,5 km lang og opp mot 1,5 km på det breiaste. I vest ligg dei mindre øyane Tranøy, Agasyster og Aga, og i aust ligg Hjelmen, Straumøy, Ivarsøy og Avløypet.

Det ligg fleire gardar på Ålforo. Desse er Dalen, Hatlevikjo, Sætravikjo, Kuvikjo, Tongjo og Fattigmannshavn.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

1801[1] 1900[2] 2023
52 94 2

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbø (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar.