Sturla Þórðarson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sturla Þórðarson
Fødd 29. juli 1214
Død

30. juli 1284

Sturla Þórðarson (29. juli 121430. juli 1284), norsk form Sturla Tordsson, var ein islandsk hovding, lovseiemann, historikar og skald. Han høyrde til sturlungeætten, og var nevø av Snorre Sturlason.

Sturla er best kjend for å ha skrive Íslendinga saga, den lengste av sogene i Sturlunga saga, og Soga om Håkon Håkonsson. Den sistnemnde blei skriven på oppdrag av sonen til kong Håkon Håkonsson, Magnus Lagabøte, på 1260-talet. Seinare skreiv han òg Soga om Magnus Lagabøte, den siste av dei norrøne kongesogene, som det berre er brotstykkje att av.

Sturla var òg ein framståande hovding på Island, og sjølv djupt innblanda i hendingane og stridene som han skreiv om i Íslendinga saga. Ei tid var han lovseiemann, den fremste posisjonen på Island. Han bidrog til utforminga av Jarnsida, den nye lovboka for Island etter at landet blei lagt direkte under norsk kongsmakt på 1260-talet.

Sturla blei innsett som lagmann for Island i 1272, noko som var det høgaste embetet på øya. Dei neste fire åra var han lagmann for heile Island, og i 1277–82 for Nord- og Vestlandet. I 1277 reiste han til Noreg der han blei utnemnd til skutilsvein (hirdmann) av Magnus Lagabøte og fekk i oppdrag av kongen å skriva soga om kongen.

Sturla er kjent for å ha skrevet blant annet Håkon Håkonssons saga i 1264–65, den er regnet som offisiell historieskriving, og gir dermed kongen svært positiv beskrivelse. Han har også skrevet Islendinga saga, som er kjernen i sagasamlingen Sturlunga saga. Fra hans verk Magnus Lagabøtes saga er det bare bevart fragmenter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]