Den unge Werthers lidelser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den unge Werthers lidelser
Die Leiden des jungen Werthers

Forfattar(ar)Johann Wolfgang von Goethe
Språktysk
Blei til1774
SjangerRoman; brev- og dagbok, psykologisk
Utgjeven2024
ForlagGyldendal Norsk Forlag
J. W. Cappelens Forlag
Sider251
ISBN 82-525-3931-9

Den unge Werthers lidelser (tysk originaltittel Die Leiden des jungen Werthers) er ein laust sjølvbiografisk brevroman av Johann Wolfgang von Goethe som fyrst kom ut i 1774. Dette var den fyrste store suksessen til Goethe, og gjorde han til ein berømt og feira forfattar over natta. Romanen fekk stor tyding i samtida, og blir rekna som det viktigaste verket innan den litterære rørsla Sturm und Drang. På den andre sida var romanen òg svært kontroversiell fordi han handlar om sjølvmord, og det blei hevda at mange lesarar identifiserte seg med helten romanen i ei slik grad at dei sjølv tok liva av seg. Ingen av dei seinare verka til Goethe oppnådde same popularitet i samtida, sjølv ikkje meisterverket Faust.

Bakgrunnshistorie[endre | endre wikiteksten]

Charlotte Sophie Henriette Buff var forbildet for rollefiguren Lotte i den lidenskapelege brevromanen Den unge Werthers lidelser.

I 1772, etter fullførte jusstudiar, blei Goethe dommarfullmektig i byen Wetzlar. Her møtte han Charlotte Buff, som med den personlege utstrålinga si (nett som Lotte) gjorde eit sterkt inntrykk på han. Som Lotte var ho trulova med ein annan, som elles var ein god venn av Goethe. Dette førte han etter kvart inn i ei djup krise. Om nettene sov han med ein dolk ved sida si, og han tenkte på å ta livet av seg. Men han valde livet, forlét byen og drog heim til mora si i Frankfurt am Main. Samtidig hadde ein annan venn av Goethe, Jerusalem, lide den same skjebnen som han. For Jerusalem endte det med sjølvmord. Dermed skreiv Goethe romanen Den unge Werthers lidelser på nokre få veker.

Gjennom skrivinga fekk Goethe omarbeidd sin eigen depresjon, og tanken var at også andre menn i same situasjon skulle klara det same gjennom å lesa romanen. Men etter at boka kom ut skal ho ha skapt ei sjølvmordsbølgje blant unge menn som var i situasjonar som Goethe, Jerusalem og rollefiguren Werther. Neppe noko verk i europeisk litteratur har hatt ein veldigare verknad på lesarane. Dette førte til at romanen blei forboden i mange land, mellom dei i Danmark-Noreg. I Noreg blei ikkje romanen gjeven ut før i 1820. I den andre utgåva av romanen skreiv Goethe følgjande åtvaring på tittelbladet: «Vis deg som ein mann, og ikkje følg meg etter».

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Romanen blir innleidd med eit ord frå «utgjevaren», som kal ha sett seg føre å samla alt tilgjengeleg materiale om den avdøde Werther for å leggja det fram for lesaren til trøyst og hjelp.

Hovuddelen av romanen består av ein serie med daterte brev frå Werther til vennen Wilhelm over ein periode på halvtanna år. Mellom breva er det innskote kortare avsnitt som må vera Werther sine dagboksnotat. Det er òg eit par brev til Lotte. Fyrste bok dekker perioden 4. mai til 10. september 1771, og fortel om korleis han møter Lotte, og korleis han til slutt tar avgjerda om å dra til ein annan by for å koma bort frå henne og gløyma. Andre bok dekker perioden frå 20. oktober 1771 til 6. desember 1772, og fortel om korleis han vansmektar i den nye livssituasjonen sin – skilt frå den tilbedne – og korleis han oppsøker henne på nytt, berre for å erfara at lidinga blir forsterka gjennom dei håplause møta med Lotte etter at ho er gift.

Siste del av romanen har tittelen «Utgjevaren til lesaren». Her rekonstruerer forteljaren dei siste vekene og dagane til Werther ut frå tilgjengelege brev og dagboksnotat, og ut frå samtalar med personar rundt han. Til tider går utgivaren ut av rolla som medfølande etterforskar, og nærmar seg ein allvitande forteljar som kjenner tankane og kjenslene til både Lotte og Werther.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Fyrsteutgåva av Den unge Werthers lidelser frå 1774. Vignetten på tittelsida viser initialane til Werther, WB, og skrivebordssaker for å antyda at dette er eit brev- og dagboksroman.

Romanen tek til med at Werther fortel vennen sin Wilhelm om ei barndomsvenninne som var djupt forelska i han, og har tatt livet av seg. Werther seier han sit att med dårleg sjølvkjensle etter hendinga. Men etter som vekene går, vender livet tilbake og han syslar med dei vanlege tinga sine som å teikna og lesa Homer. Han held til ei tid i landsbyen Wahlheim. Så ein dag, då det er ball i byen, hentar han og dansepartnaren hans ei kvinne som heiter Lotte og som også skal dit. På trass av åtvaringar mot å bli forelska i henne, sidan ho er trulova med ein annan, fell Werther for Lotte.

Dei to føler eit sterk sjelelig samhøyr, og møter kvarandre nesten dagleg for å ha lange samtalar. Lotte sin trulova Albert kjem tilbake, og dei blir tre. Albert gir eit behageleg og fordelaktig inntrykk på Werther, sjølv om han representerer dei borgarlege fornuftsmenneska som Werther elles ikkje har mykje til overs for. Werther meiner at menneska i det store og heile gjer livet mindre enn det burde vera ved at dei stenger av for sine eigne kjensler og for inntrykk frå naturen rundt seg, lever etter reglar og konvensjonar og ikkje veit å leva i augneblinken.

Werther prøver òg å ta til fornuft når han søker ei stilling ved eit fyrstelig kanselli langt frå Wahlheim og la Lotte og Albert vera i fred. Han held likevel ikkje ut lenge i byråkratiet, og søker avskjed frå stillinga. Han vitjar landsbyen der han voks opp og gjenopplever inntrykk frå barndommen, men har elles ingen planar for framtida. Uvegerleg blir trekt han mot Wahlheim og Lotte; han kan ikkje hjelpa for at han tek opp att kontakten, sjølv om han veit at stillinga er håplaus.

Undervegs møter han to døme på kva ulykker kjærleiken kan føra til. Ein ung, sympatisk gut endar som drapsmannen til rivalen. Ingen annan skal eiga den han elskar, sjølv om han veit at han sjølv ikkje kan få henne. Ein annan har gått frå forstanden etter å ha blitt håplaust forelska i ei kvinne han ikkje kunne få. Denne kvinna viser seg til alt overmål å vera Lotte. Trass i åtvaringane blir Werther driven mot dei stadig meir øydeleggande møta sine med Lotte, som no er gift og ikkje ein augneblink vik frå ekteskapsløftet sitt. Til slutt forgår han seg og overauser Lotte med heite kyss. Ho vaklar ein augneblink, men samlar seg så og forbyr han å møta henne meir.

Tanken på sjølvmord mognar i han, og etter det siste, fatale møtet med Lotte skrid han til verket med kald besluttsamheit. Han ordnar dei økonomiske forpliktingane sine, skriv avskjedsbrev til Lotte og Wilhelm, og sender deretter tenaren ut til Albert for å låna pistolane hans til ein jakttur. Lotte og Albert aner kva som skal skje, men klarer ikkje å nekta pistolane utlevert. Ved midnatt skyt Werther seg med ei kule i panna på rommet sitt. Skotet er ikkje umiddelbart dødeleg; han blir liggande til klokka tolv neste dag før han endeleg utånder.

Han blir gravlagd under eit lindetre, eit tre han ofte nemner i breva sine. Verken Albert eller hans elska Lotte er tilstades under gravferda.

I Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg blei romanen fyrst gjeven ut i 1820, omsett av H.L. Bernhoft med tittelen Den unge Verthers Lidelser. Romanen er sidan blitt nyomsett tre gonger: Den unge Werthers Lidelser i Ingeborg v.d. Lippe Konow si omsetjing frå 1896, Den unge Werthers lidelser i eiiomsetjing av Nils Lie frå 1956 (Gyldendal Norsk Forlags utgåve) og Unge Werther omsett av Lotte Holmboe frå 1973 (J. W. Cappelens Forlags utgåve). Sistnemnde utgåve kom ut som «Månedens bok» i Den norske bokklubben i 1999 under tittelen Unge Werthers lidielser, med etterord av Åse-Marie Nesse og teikningar av Arne Nøst i samband med 250-årsjubileet for fødselen til Goethe.

Illustrerte utgåver[endre | endre wikiteksten]

  • 1999 – Unge Werthers lidelser, omsett av Lotte Holmboe og illustrert av Arne Nøst. Den norske bokklubben, Månedens bok nr. 1300245.

Filmar/TV-seriar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Den unge Werthers lidelser