Stygge Krumpen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stygge Krumpen
Fødd 1485
Død

21. januar 1551

Yrke prest
Gravsteinen til Stygge Krumpen i Mariager kyrkje.

Stygge Krumpen (148521. januar 1551)[1] var ein dansk geistleg og adeleg som levde under reformasjonen i Danmark-Noreg og under kongane Kristian II, Fredrik I og Kristian III. Krumpen var den siste katolske biskopen av Børglum kloster. Han og broren Otte Krumpen var òg dei siste mannlege medlemmene av den gamle jyske adelsslekta Krumpen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Stygge Krumpen var fødd på Skøttrup Hovedgaard (no Trudsholm) som ligg litt nord for Havndal mellom Randers og Hadsund i Jylland.[2] Han var son av Jørgen Krumpen til Skjøtterup og Anne Styggesdatter Rosenkrantz, og blei kalla opp etter morfaren. Han hadde to systrer, Marine og Johanne, og to brør, Jacob, som døydde i 1518, og Otte, som fekk ei viktig rolle i danskehistoria.

Krumpen studerte først ved universitetet i København og fekk graden baccalauerus articum. I 1507 blei han immatrikulert ved universitetet i Greifswald i Nord-Tyskland, der han utdanna seg til magister.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Børglum kloster

Morbroren Niels Stygge var biskop av Børglum, og sørgde for at Stygge Krumpen fekk ei geistleg stilling der før han blei magister. Storebroren Otte stod nær kong Kristian, og i 1514 blei Stygge Krumpen kongeleg sekretær i kanselliet. Han spelte ei viktig rolle som økonomisk rådgjevar for kongen. Krumpen arbeidde fem år i kanselliet, og fekk i denne tida fleire geistlege embete.

I 1519 blei Krumpen biskop av Børglum i Vendsyssel då morbroren trekte seg tilbake. Niels Stygge blei til gjengjeld klosterleiar etter at dei to saman hadde avsett prosten der for «tjuveri», noko han seinare reiste sak mot dei for i Vatikanet. Krumpen kom også i strid med Hans Tolder, kongen sin lensherreAalborghus, og kjempa mot kongen sin rett til vrakgods i bispedømet.

I ettertida er Krumpen blitt kjend som grisk og kranglevoren. Noko av dette omdømet kan ha vore farga av synet på katolske geistlege under og like etter reformasjonen. Han skal òg ha brote sølibatet ved å ha hatt slektningen Elsebeth Gyldenstjerne, den tidlegare kona til Bonde Due Munk, buande med seg.

Stygge Krumpen gjekk med adelsfolka som reiste seg mot Kristian II og fordreiv han i 1522-23. I 1525 gav den nye kong Fredrik I han brev på prostiet Børglum. I 1529 var Stygge Krumpen med prins Kristian til Noreg. Han deltok også på riksrådsmøte, men var elles ikkje nært knytt til krona. I 1533 gjekk han imot prins Kristian som ny konge, men godtok han likevel då han blei vald i 1534. Han kjempa hardt mot lutheranismen, og bad dei tyske leiande katolske teologane Johannes Coclæus og Johan Eck koma til Danmark for å omvenda folk tilbake mot katolisismen. Han skal også ha hatt kontakt med den norske reformasjonsmotstandaren Olav Engelbrektsson.

Under Grevefeiden blei Krumpen fordriven av bondeopprørarane til skipper Clement. Etter at Grevefeiden slutt i 1536 med siger for Kristian III blei reformasjonen innført i Danmark-Noreg. Biskopane blei avsette og fengsla. Krumpen var i fangenskap fram til 1542. Ei tid delte han fengsel med Kristian II på Sønderborg Slot. Dei siste åra av livet sitt gjekk han gjennom mange rettssakar for det han hadde gjort som biskop. Frå 1543 blei han utnemnd til lensherreAsmild kloster i Viborg, eit nonnekloster som var blitt teke som krongods under reformasjonen. Her døydde han i 1551, og blei gravlagd i familiegrava i Mariager klosterkyrkje.

Stygge Krumpen i ettertida[endre | endre wikiteksten]

I 1525 gav Stygge Krumpen byrettar til Sæby, og han er seinare blitt minna i byen med ein statue. Stygge Krumpens Laug er ei foreining som arbeider for vern av kulturen i Vendsyssel.

Han er omtalt i romanen Stygge Krumpen av Thit Jensen frå 1936.

I 2011 produserte dansk TV2 ein julekalenderserie i Vendssyssel der mellom anna gjenferdet til Stygge Krumpen var med.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. styggekrumpen ved gravsted.dk
  2. Ved Frode Jensen efter: Hans Gregersen "Stygge Krumpen - Den sidste Børglumbisp".