Submarin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fordi vatn absorberer forskjellige lys av bølgjelengder forskjellig, får alt eit blåskjær under vatn.
Undersjøisk byggverk (oljeplattform) og fisk.

Submarin eller undersjøisk er eit omgrep for det som er under vassflata, som eit hav, innsjø, vatn eller elv. Tre fjerdedelar av jorda er dekte av vatn. Ein stor del av den faste jordoverflata er djuphavssletta på djupner mellom 4000 og 5500 meter under havoverflata. Delen av den faste jordoverfalta som er nærast midten av jorda er Challengerdjupet i Marianegropa med ei djupne på 10 924 meter under havoverflata.

Sjølv om menneske driv fleire aktivitetar under vatn, som forsking, dykking for arbeid og rekreasjon, eller til og med undervasskrig med ubåtar—er dette særs store miljøet på jorda fiendtleg for menneske og er derfor lite utforska. Det kan utforskast med sonar eller meir direkte med bemanna eller ubemanna undervassfartøy. Havbotnen er kartlagt med sonar, somme strategiske område i stor detalj, men detaljerte kart er framleis klassifiserte.

I motsetnad til fiskar, som har gjeller, kan lungene til menneska eller dyr fungere under vatn. Ein faktor er at ein ikkje har kraftig nok muskulatur til å dra vatnet inn og ut av lungene, medan ein annan faktor er at det ikkje er nok oppløyst oksygen i vatn samanlikna med luft. Luft har kring 21 % O2, medan vatn har vanlegvis mindre enn 0,001 % oppløyst oksygen.

Tettleiken til vatnet er òg eit problem med djupna. Det atmosfæriske trykket ved overflata er kring 1000 hPa eller 100 kPa. Ved ei djupne på kring 10 meter under overflata er trykket 2 atmosfærar, eller 2000 hPa. For bein og musklar er ikkje dette trykket eit problem, men det vert eit problem for luftfylte rom som munnen, biholene, øyrene og lungene. Dette kjem av at lufta ved dette trykket vert komprimert og tar mindre plass, slik at det ikkje kan motstå trykket frå utsida. Sjølv 2,5 meter under vassflata får ein smerter i mellomøyret om ein ikkje utliknar trykket. Trommehinna kan sprekke 3 m under vassflata. Faren for trykkskadar er størst i grunt vatn fordi trykkendringane er størst overflata. Til dømes er trykkauken mellom overflata og 10 meter djupne 100 %, men trykkauken frå 30 meter til 40 meter djupne berre er 25 %.

Alle lekamar som er søkkt i vatn har ei oppdrift som motverkar tyngdekrafta, som tilsynelatande gjer lekamen mindre tung. Om den totale tettleiken til lekamen er større enn tettleiken til lekamen, vil lekamen søkke. Om den totale tettleiken er mindre enn tettleiken til vatn, vil lekamen stige og flyte på overflata.

Med aukande djupne nedover i vatnet vert sollyset absorbert, og mengda synleg lys vert gradvis mindre. Sidan absorpsjonen er størst for lange bølgjelengder (den raude enden av det synlege spekteret) enn for korte bølgjelengder (den blå enden av spekteret) vert fargespekteret raskt endra med djupna. Kvite lekamar ved overflata får ein blåaktig farge under vatn, og raude lekamar kan sjå mørkare ut og til og med svart. Sjølv om grumsete vatn får lyset til å forsvinne raskare med djupna, er det sjølv i særs klårt vatn i det opne havet mindre enn 25 % av overflatelyset ved ei djupne på 10 meter. Ved 100 meter er lyset frå sola om lag 0,5 % av det på overflata.

Den eufotiske djupna er djupet der lysintensiteten er 1 % av overflatelyset. Denne djupna vil varierer etter kor klårt vatnet er, og er berre nokre få meter undervatn i særs grumsete vatn, men kan vere over 200 meter i det opne havet. Under den eufotiske djupna får ikkje planter (som planteplankton) nok energi frå fotosyntese og kan derfor heller ikkje vekse.

På djupner større enn nokre hundre meter har ikkje sollyset noko effekt på vasstemperaturen, fordi solenergien er absorbert i vasslaga ved overflata. I djuphavet er temperaturen derfor låg. Faktisk har 75 % av vatnet i djuphavet ein temperatur mellom 0 og 2 ºC.

Vatn overfører varme om lag 25 gonger meir effektivt enn vatn. Hypotermi er ein potensiell dødeleg tilstand, og skjer om kjernetemperaturen i menneskekroppen fell under 35 ºC. Å isolere kroppsvarmen frå vatnet er derfor særs viktig ved dykking om vasstemperaturen er under 25 ºC.

Lyd vert overført om lag 4,3 gonger raskare i vatn (1484 m/s i ferskvatn) enn i lufta (343 m/s). Menneskehjernen kan avgjere lydretninga i lufta ved å registrere små skilnader i tida det for lydbølgjene å nå kvart av dei to øyra. Derfor er det vanskeleg å avgjere lydretninga under vatn. Somme dyr har tilpassa seg denne skilnaden og nyttar lyd til å navigere under vatn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Submarin