Sugar Mountain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sugar Mountain
Song av Neil Young
Utgjeve 1968
Innspelt 10. november 1968
Sjanger Folk
Lengd 5:41
Selskap Reprise Records
Låtskrivar(ar) Neil Young

«Sugar Mountain» er ein song av den kanadiske folkrockartisten Neil Young. Young skreiv songen på 19. årsdagen sin i 1964 og teksten omhandlar ungdomen hans i Winnipeg.

Meininga i teksten[endre | endre wikiteksten]

You can't be twenty on Sugar Mountain
Though you're thinking that
you're leaving there too soon

Neil Young (1964)

På albumet hennar You Can Close Your Eyes opna Joni Mitchell, som alt var ven med Neil Young då han skreiv denne songen, songen «Circle Game» med denne talen:

Mitchell: «I 1965 var eg i Canada og det var ein ven av meg der som nettopp hadde forlate eit rock'n'roll-band (...) han hadde nettopp vorte 19 og det gjorde at han ikkje lenger kunne kome inn favorittilhaldsstaden sin, som var ein slags tenåringsklubb, og når du er over 18 så kjem du ikkje inn lenger. Så han følte seg frykteleg fordi jentevene hans og alle han ville vere med, bandet hans kunne framleis dra dit, skjønar du, men ein av dei tinga som dreiv han til å verte ein visesongar var at han ikkje kunne spele på denne klubben lenger. Men han var for gamal. Så han skreiv denne songen som heiter «Oh to live on sugar mountain», som var ein sørgjesong for den tapte ungdomen hans. Han skreiv han på 19. årsdagen sin (...) og eg tenkte, Gud, du veit, om du blir 19 og det ikkje er noko etter det, så er det ei ganske naken framtid, så eg skreiv denne songen for han og for meg sjølv, for å gje meg litt håp. Han heiter The Circle Game.»[1]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Young spelte songen inn først gong den 10. november 1968, som ein del av ein konsert på Canterbury House i Ann Arbor. Denne innspelinga vart gjeven ut som B-side til singelen «The Loner» i 1969 (og igjen som B-side til «Cinnamon Girl» året etter), men vart ikkje gjeven ut på eit album før samlinga Decade kom ut i 1977. Konserten på Canterbury House vart gjeven ut som Sugar Mountain - Live at Canterbury House 1968 i november 2008.

Ei akustisk utgåve av songen finst òg på albumet Live Rust frå 1979.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Neil Young Collaborations