Live Rust

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Live Rust
Konsertalbum av Neil Young og Crazy Horse
Utgjeve 14. november 1979[1]
Innspelt 1978
Spelestad Cow Palace i Daly City; Boston Garden i Boston; Civic Center i St. Paul i Minnesota; Chicago Stadium i Chicago og McNichols Arena i Denver
Sjanger Hardrock, countryrock
Lengd 73:47
Selskap Reprise
Produsent David Briggs, Tim Mulligan
Neil Young-kronologi
Rust Never Sleeps
(1979)
Live Rust Hawks & Doves
(1980)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]
Christgau's Record GuideA−[3]

Live Rust er eit konsertalbum av Neil Young og Crazy Horse, som vart spelt inn hausten 1978 under Rust Never Sleeps-turneen. Showet på Cow Palace i San Francisco vart filma og gjeven ut som ein konsertfilm. Albumet Live Rust består derimot av innspelingar frå fleire andre stader og kom ut i 1979.

Ein kan òg høyre lydklipp frå Woodstock og Jimi Hendrix si utgåve av «Star Spangled Banner».

CD-utgåva av albumet er noko forkorta slik at ein fekk plass til heile på ein enkelt CD. Mellom anna manglar delar av gitarsoloen frå «Cortez the Killer». I 2014 vart ei nymastra, høgoppløyseleg utgåve tilgjengeleg for nedlasting på Pono, der albumet var i originallengda.[4]

Albumet nådde 15. plassen på den amerikanske albumlista og i Noreg nådde det 27. plassen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Neil Young, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Sugar Mountain»5:02
2.«I Am a Child»3:01
3.«Comes a Time»3:15
4.«After the Gold Rush»3:49
5.«My My, Hey Hey (Out of the Blue)»4:12
Side to
Nr.TittelLengd
6.«When You Dance I Can Really Love»3:42
7.«The Loner»4:53
8.«The Needle and the Damage Done»3:06
9.«Lotta Love»2:51
10.«Sedan Delivery»4:50
Side tre
Nr.TittelLengd
11.«Powderfinger»5:43
12.«Cortez the Killer»6:19
13.«Cinnamon Girl»3:22
Side fire
Nr.TittelLengd
14.«Like a Hurricane»8:03
15.«Hey Hey, My My (Into the Black)» (Young, Jeff Blackburn)4:37
16.«Tonight's the Night»7:12

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

Liste (1979–80) Plassering Årsliste
Italienske album (FIMI)[5] 25 76 (1979)
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[6] 1
Norske album (VG-lista)[7] 27
Britiske album (OCC)[8] 55
US Billboard 200[9] 15

Singlar

År Singel Liste Plassering
1979 "Hey Hey, My My (Into the Black)" US Billboard Hot 100[10] 79

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Organisasjon Nivå Dato
RIAA – USA Gull 11. mars 1980[11]
RIAA – USA Platina 7. februar 1988[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Neil Young Archives». Neilyoungarchives.com. Henta 27. februar 2019. 
  2. Allmusic review
  3. «Robert Christgau: CG: neil young». Robertchristgau.com. Henta 27. februar 2019. 
  4. «PonoMusic - Store». Ponomusic.com. Henta 27. februar 2019. 
  5. «Gli album più venduti del 1979» (på italiensk). Hit Parade Italia. Henta 27. februar 2019. 
  6. "Neil Young & Crazy Horse – Live Rust". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 27. februar 2019.
  7. "Neil Young & Crazy Horse – Live Rust". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 27. februar 2019.
  8. "Neil Young & Crazy Horse | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 27. februar 2019.
  9. «allmusic (((Live Rust > Charts & Awards > Billboard Albums)))». Henta 27. februar 2019. 
  10. «allmusic (((Live Rust > Charts & Awards > Billboard Singles)))». Henta 27. februar 2019. 
  11. 11,0 11,1 «RIAA Gold and Platinum». Arkivert frå originalen 2015-09-04. Henta 27. februar 2019.