The Loner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Loner
Singel av Neil Young
frå albumet Neil Young
B-side

Sugar Mountain

Utgjeve 21. februar 1969
Innspelt August–oktober 1968 at
Wally Heider Recording, Sunset Sound Recorders og TTG Recording i Hollywood
Sjanger Folkrock
Lengd 3:05 (singel), 3:55 (album)
Selskap Reprise 0785
Tekstforfattar Neil Young
Låtskrivar(ar) Neil Young
Produsent Neil Young og David Briggs
Neil Young-kronologi 
The Loner «Down by the River»
(1969)


«The Loner» er ein song av Neil Young som vart gjeven ut som den første solosingelen hans. Songen kom ut på det første soloalbumet hans i november 1968 og så i ei redigert utgåve som debutsingelen hans tre månader seinare på Reprise Records. Han gjekk aldri inn på Billboard Hot 100-lista, men har over tid vorte ein av dei meir kjende songane hans og mykje spelt på konsertane. Både denne og «Sugar Mountain», som var B-sida i eit konsertopptak frå Canterbury House i Ann Arbor, kom ut på samlealbumet Decade i 1977.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«The Loner» vart skriven medan Buffalo Springfield song på siste verset. Ein trur at songen vart skriven om Stephen Stills (som sjølv spelte inn songen i 1976 på albumet hans Illegal Stills).[1]

Songen vart spelt inn med det tidlegare Springfield-medlemmen Jim Messina (bass) og George Grantham (trommer) (dei var ikkje nemnde på plateomslaget), og var den første songen til Young som vart produsert av David Briggs, som Young samarbeidde med fram til Briggs døydde i 1995.[1] Strykarane vart arrangerte av David Blumberg, som Young møtte via Briggs.[2] Young sin gitar er i dobbel dropp-D-stemming;[3] «psyko gitarstøy» vart i følgje Briggs laga ved å spele gitaren gjennom ein Leslie-høgtalar.[4] Teksten er prega av redsel og desorientering og vert sungen frå synspunktet til ein «urørleg hovudperson» som «er vitne til merkverdige visuelle syn».[5]

Songen vart raskt rosa, til dømes i albummeldinga i Rolling Stone: «'The Loner' er ein moderne sørgjesong som har ei fin blanding av gitaren til Neil og strykarar på ein ikkje-påtrengande måte, som let den balanserte ishakkevokalen til Young hakke laus på lyttaren.»[6] Songen vert framleis spelt på konsertane til Young.[1] Stephen Stills har òg spelt songen på scenen både med og utan Young.[7][8]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«The Loner» er blitt spelt av andre artistar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Williamson, Nigel (2002). Journey Through the Past: The Stories Behind the Classic Songs of Neil Young. Hal Leonard. s. 21–22. ISBN 9780879307417. Henta 2. februar 2019. 
  2. Young, Scott (2009). Neil and Me. Random House. s. 117. ISBN 9780771070594. Henta 2. februar 2019. 
  3. «Neil's Alternate Tunings». HyperRust. Henta 2. februar 2019. 
  4. McDonough, Jimmy (2003). Shakey: Neil Young's Biography. Random House. s. 443. ISBN 9780679750963. Henta 2. februar 2019. 
  5. Echard, William (2005). Neil Young And The Poetics Of Energy. Indiana UP. s. 15–16. ISBN 9780253217684. Henta 2. februar 2019. 
  6. Tersch, Gary von (5. april 1969). «Rev. of Neil Young, Neil Young». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 28. august 2017. Henta 2. februar 2019. 
  7. Zimmer, Dave (23. september 2008). Crosby, Stills & Nash: The Biography. Da Capo Press. s. 199. ISBN 9780306816154. 
  8. McDonough, Jimmy (2003). Shakey: Neil Young's Biography. Random House. s. 709. ISBN 9780679750963. Henta 2. februar 2019. 
  9. McDonough, Jimmy (2003). Shakey: Neil Young's Biography. Random House. s. 402. ISBN 9780679750963. Henta 2. februar 2019.