Suldal skipreide

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Suldalslågen

Suldal (Suladal, Suledal) skipreide, var den nordaustlegaste av skipreidene i Ryfylke.[1]

Geografisk femna ho om Suldal sokn (unnateke gardane i Ulladalen), no ein del av Suldal kommune.

Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet og Suldal skipreide vart nemnd Suldal tinglag. Etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene, og frå 1841 var Suldal tinglag identisk med Suldal sokn. [2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]