Super Smash Bros. Ultimate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Super Smash Bros. Ultimate
Super Smash Bros. Ultimate Logo.png
Utgjevar(ar)Nintendo
Plattform(er)Nintendo Switch
Utgjeve7. desember 2018
SjangerSlåstarspel
SpelemodusEinspelar, fleirspelar

Super Smash Bros. Ultimate er eit slåstarspel til Nintendo Switch, utgjeve internasjonalt 7. desember 2018.

Spelet vart annonsert 8. mars 2018. Tittelen og filmklipp frå spelet vart kunngjorde 11. juni 2018. Super Smash Bros. Ultimate inneheld alle karakterane frå dei tidlegare spela i Super Smash Bros.-serien og har støtte for Nintendo GameCube-handkontrollar via ein adapter.[1] Spelet inneheld nærmare 900 lydspor, 103 arenaer og har ein funksjon som lèt ein veksle mellom to ulike arenaer under kampar.[2]

Dei nye figurane i Super Smash Bros. Ultimate er mellom andre Inklings frå Splatoon, Ridley frå Metroid, Simon og Richter frå Castlevania og King K. Rool frå Donkey Kong Country.[2] Spelet introduserer også såkalla «echo fighters», kopiar av eksisterande figurer, som Daisy frå Super Mario Land og Dark Samus frå Metroid Prime 2: Echoes.[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]