Susendal kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 65°23′41″N 14°0′48″E

Susendal kyrkje
kyrkje
none
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Indre Helgeland
Fellesråd Hattfjelldal
Sokn Hattfjelldal
Teknikk tømra
Material tre
Innvigd 19. søndag etter pinse, 13.10.2001
Kyrkjegard ved kyrkja
Altartavle Karl Erik Harr (2002)

Susendal kyrkje er ei tømra langkyrkje i Susendalen i Hattfjelldal sokn i Indre Helgeland prosti.

Kyrkja er bygd på dugnad av bygdefolket i Susendalen, hjelp frå næringslivet og kommunen i Hattfjelldalen. Det stod eit gammalt kapell i Susendalen, dette vart bygd i 1916, men då biskop Øystein I. Larsen var på visitas i 1998, var kapellet så forfalle at det vart semje om å avvigsle kapellet og bere ut kyrkjesølvet.

I 2001 kom biskopen attende for å vigsle den nye kyrkja. Men arbeidet med å gjere kyrkja ferdig heldt fram i tida som følgde; i mars året etter vart altertavla vigsla, sidan vart det sett inn benkar.

Susendal kyrkje er ei av fleire kyrkjer i Hattfjelldal sokn. Hattfjelldal kyrkje er hovudkyrkja, elles er det òg gudstenester i Varntresk kapell.

Altartavla[endre | endre wikiteksten]

Altertavla er eit triptykon, sett daman av tre bilete, måla av Karl Erik Harr:

  • Biletet til venstre er såmannen, eit motiv knytt til Jesu likning om forkynninga av Guds ord og med ein parallell i jordbruket, hovudnæringa i Susendalen.
  • Hovudmotivet viser Jesu fødsel i Betlehem.
  • Biletet til høgre viser ei kvinne som held fram avlinga som er resultatet av arbeidet til såmannen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]