Susheela Raman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Susheela Raman

Susheela Raman (fødd 20. juli 1973) er ein australsk songar og låtskrivar av indisk opphav.

Raman blei fødd i London av tamilske foreldre frå India, men flytta som barn til Australia med familien. Ho studerte og opptrådde med sørindisk karnatisk song, men blei frå tenåra meir oppteken av blues og rock. Seinare utvida ho kjennskapen sin til indisk musikk gjennom studie med hindustanisongaren Shruti Sadolikar, og prøvde å finna eit uttrykk som samla dei to tradisjonane saman med Sam Mills. Ho har seinare studert med bhaktisongaren Kovai Kamla.

Raman og Mills gav ut det første albumet i 2001, Salt Rain, på plateselskapet Narada, eit underselska til EMI. Plata selde til gull i Frankrike og kom til finalen i den engelske utdelinga av Mercury Music Prize. BBC Radio 3 utnemnde henne til «beste nykomling» i sine prisar for verdsmusikk.

På det andre albumet, Love Trap frå 2003, song ho saman med mellom anna den nigerianske trommeslagaren Tony Allen og Yat Kha-songaren Albert Kuvezin frå Tuva. Music for Crocodiles frå 2005 blei delvis spelt inn i Chennai i India. «The Same Song» frå albumet blei brukt i slutten av filmen The Namesake regissert av Mira Nair.

På det fjerde albumet sitt, 33 1/3 frå 2007, gjekk Raman vekk frå å skriva sine eigne songar, og tolka i staden songar kjende frå 60- og 70-talet, mellom anna skrivne av Bob Dylan, John Lennon og Velvet Underground. Musikken var framleis prega av ei blanding av aust og vest, med musikarane Sam Mills på gitar, Vincent Segal på cello, og Aref Durvesh på tabla og perkusjon.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Salt Rain (2001
  • Love Trap (2003)
  • Music for Crocodiles (2005)
  • 33 1/3 (2007)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]