Svart te

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Svarte blad og raud drikk av keemun-te.
Earl Grey er ei form for svart te.

Svart te er ein av fire grunntypar av te. Svart te er meir oksidert enn variantane oolong, grøn te og kvit te, og smaker jamnt over sterkare og inneheld meir koffein enn dei andre variantane.

Svart te er internationalt den vanlegaste typen og er heilt dominerande på verldsmarknaden. Namnet viser til den svarte fargen til dei oksiderte teblada. I Aust-Asia, der te stammar frå, har teen namn etter fargen til den ferdige drikken. Han blir kalla raud te - kinesisk hóng chá (红茶), japansk kōcha, koreans hongcha (홍차). I Kina kan «svart te» visa til pu-erh-te. Over tid har framstillinga av vestleg «svart te» og austleg «raud te» skilt lag, slik at smaken av te laga for dei ulike marknadane er noko ulik. Ein del vestleg te er til dømes laga for å tilsetjast mjølk.[1]

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Etter plukkinga blir blada oksidert. I denne prosessen mistar blada den grøne fargen sin og blir svarte. Deretter blir dei tørka, sortert og pakka. Svart te tapar ikkje smak ved lagring like fort som grøn te, noko som kan vere ei forklaring på den dominerande stillinga internasjonalt. Dei største produsentlanda er i dag India og Sri Lanka.

Tradisjonelt blei teblada rulla saman og oksidert. I dag blir dei ofte skorne i bitar eller knuste, noko som gjer prosessen raskare. Te av samanrulla blad blir framleis framstilt i Kina der dei går under nemninga «kung fu-tear» (som ikkje må blandast ihop med tillagingsmåten med same namn). Ein slik te er lapsang souchong.

Det finst ei rekkje ulike former for svart te, nokre av dei blanda med urter og liknande, som Earl Grey-te.

Tilreiing[endre | endre wikiteksten]

Svart te blir selt som lauste eller mest vanleg i dag, i teposar. Den blir tilreidd gjennom at teen får trekke i særs heitt vatn. Ettersom svarte teblad ofte er i bitar, trekkjer også teen raskare og meir fullstendig enn andre tetypar. Svart te blir derfor vanlegvis sterkare enn andre tear, men kan som regel òg berre trekkjast éin gong. Jo meir findelte, jo kortare tid trengst for at teen skal trekke ferdig. Teposar, som vanlegvis inneheld dei mest finknuste blada, treng derfor kortare trekkjetid enn lauste.

Ein kan tilsetja ulike ingrediensar etter trekkinga, som sukker, sitron eller mjølk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Red Tea Arkivert 2013-07-31 ved Wayback Machine., chinese-tea-culture.com