Lapsang souchong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lapsang souchong
拉普山小種
JacksonsLapsangSouchong low.jpg
Type: Svart

Andre namn: 正山小种 (pinyin: zhèngshān xiǎozhǒng)
Opphav: Wuyifjella, Fujian-provinsen, Kina

Kort karakteristikk: Souchong røykt over bål av furuved, røykaktig smak.

Lapsang souchong[1] eller berre lapsang er ein svart te som opphavleg kjem frå Wuyi-fjella i Fujian-provinsen ved søraustkysten av Kina. Teen er kjend for sin særeigne røykte smak, som han får gjennom at heile teblad blir tørka over brennande furu eller anna tre. Røykinga gir også teen ei karakteristisk tjøreliknande lukt.

Souchong tyder bokstavleg 'liten type' og viser til dei små blada på teplanten brukt i Wuyi-fjella. Lapsang er eit handelsnamn for røykt souchongte som tyder 'indre fjell' på fujiandialekt, og skil teen frå den som kjem utanfrå Wuyi-fjella.

Eit glas lapsang souchong.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire tradisjonar om opphavet til teen. Ein av dei fortel at han vart skapt under Qing-dynastiet, då tebønder i Wuyi-fjella måtte hurtigtørka blada då soldatar gjekk gjennom området. Teen blei prega av å ha blitt tørka over nyhogd furutømmer, og blei nærast rekna som udrikkeleg. Nokre nederlandske handelsfolk likte derimot teen då dei fekk tilbod om han, og innførte han til Europa. Lapsang souchong blei kjend i Vesten på andre halvdel av 1800-talet, medan vanleg souchong hadde vore kjend frå 1700-talet. Rundt 1930-åra voks ryet til teen som ein drikk for vestlege tekjennarar. Han har aldri vore særleg godt likt i Kina.[2]

Nærbilde av lapsang souchong-blad.

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Lapsang souchong frå Wuyi er etterspurd og dyrebar, ettersom Wuyi er eit lite område som berre kan framstilla ei viss mengd te. Det blir også laga lapsang souchong fleire stader i Fujian og på Taiwan, og dei ulike typane skil seg mykje i smak og kvalitet.[3]

Den tradisjonelle framstillingsmåten frå Wuyi går ut på å tørka teblada over furu- eller sypressved, steikt, rulla og pressa inn i tretynner, der dei blir dekte med klede til fermentering. Så streiker ein dei opp att og lager små rullar som blir lagde i bambuskorger og røykt over furueld.[4][3]

På Taiwan kan ein bruka fleire ulike treslag.[5] I nokre høve blir ikkje teen røykt, men berre smaksett med tilsetjingsstoff.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Lapsang souchong servert i tehuset Shangri La.

Lapsang souchong blir tradisjonelt laga ved å ha friskt kokande vatn over laus te. Denne får trekka i 3-7 minutt avhengig av kor sterk ein vil ha teen. Lapsang blir også seld i teposar. Teen blir som regel drukken varm, utan noko tilbehøyr, men ein kan til dømes tilsetja sitron. Han passar ikkje særleg godt med mjølk og sukker.[3]

Lapsang souchong blir ofte blanda med assamte for å laga «russisk karavanete» (Russian Caravan tea). Teprodusenten Twinings har sitt eige lapsang souchong-merke, i tillegg til å bruka små mengder lapsang souchong i Earl Grey.

I tillegg til å laga te kan lapsang souchong også brukast som eit slags krydder i matlaging for å gje ulike retter ein eigen røyksmak. Ein kan til dømes koka ris i han, marinera fisk, kjøt eller tofu i han, eller bruka han til å smaksetja suppe.[5]

Kjemi[endre | endre wikiteksten]

Den unike smaken av lapsang souchong kjem av mange kjemiske stoff. Dei to hovudkomponentane er longifolen og α-terpineol. Mange av aromastoffa i lapsang souchong, inklusive longifolen, kjem frå røyken av furu, og er ikkje tilstades i annan te.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kinesisk skrift 拉普山小種 (pinyin zhèngshān xiǎozhǒng) eller 正山小种 (lāpǔshān xiǎozhǒng); minnan l a̍p-pho·-san sió-chéng, kantonesisk làaipóusàan síujúng
  2. «black tea: Lapsang Souchong», teaguardian.com
  3. 3,0 3,1 3,2 «Lapsang Souchong», hinastea.com
  4. «Lapsang Souchong, 1/4 lb package», inpursuitoftea.com
  5. 5,0 5,1 «Formosa Lapsang Souchong, Black Tea», svtea.com
  6. Shan-Shan Yao; Wen-Fei Guo; YI Lu; Yuan-Xun Jiang, "Flavor Characteristics of Lapsang Souchong and Smoked Lapsang Souchong,a Special Chinese Black Tea with Pine Smoking Process", Journal of Agricultural and Food Chemistry, Vol. 53, No.22, (2005)
  • «Lapsang Souchong, n.» og «souchong, n.» i Oxford English Dictonary, innhenta 6. februar 2012.
  • John Ayto (red.), «Lapsang Souchong», An A-Z of Food and Drink, Oxford university Press, 2002. innhenta 6. februar 2012