Tebusk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tebusk

Camellia sinensis (1).jpg

Vitskapleg namn
Camellia sinensis
(Linné) Kunte
Synonym: Thea bohea eller Thea viridis
Utbreiing
Område: Opphavleg Sør- og Aust-Asia, no i fleire område mellom 43° N og 30° S
Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Ericales
Familie: Ericaceae
Slekt: Camellia
C. sinensis

Tebusk eller tebuske (Camellia sinensis) er ein plante i kameliaslekta som særleg blir brukt til å laga te av. Plante blir særleg dyrka i Kina og India, og det er tvilsamt om han no finst vilt.

Tebusken kan bli til ein stor busk eller eit lite tre på 3-8 meter, men blir ofte halden under 2 meter for å letta hausting av unge blad. Frøa kan pressast til å laga teolje eller kameliaolje.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Tebusken kan bli opptil 17 meter.[1] Blada kan vera lanse- eller ellipseforma.[2] Oversida er mørkegrøn og skinande mørkegrøne medan undersida er lysegrøn og ofte hårete.[1] Tebusken frå Assam har breiare, større blad enn den frå Kina.[1] Mange av tebuskane ein dyrkar i dag er hybridar av desse to typane.[2]

Blomane er kvite, med mange gule støvberarar, og duftande. Dei sit åleine, parvis eller i grupper på fire.[1] Fruktene er brun-grøne,[1] og som små nøtter på storleik.[2]

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Mariko teplantasje i Japan.
Frukt og frø av tebusk.

Tebusk stammar frå subtropiske og fuktige område av austlege Asia, der han veks i veldrenert, gjerne i lett surt jordsmonn.

Planten kan veksa i område med årleg gjennomsnittstemperatur på 16–20 °C, det vil typisk seia mellom 43° nordleg breiddegrad og 30° sørleg breiddegrad, opptil 2500 moh.[3]

Den kinesiske tevarianten, Camellia sinensis var. sinensis, stammar truleg frå vestlege Yunnan i Kina. Den andre varianten, C. sinensis var. assamica, stammar frå varme område i Assam (i noverande India), Burma, Thailand, Kambodsja, Laos, Vietnam og sørlege Kina. Denne planten toler kulde dårlegare enn den kinesiske.[1]

Nesten alle teplantar blir dyrka av menneske. Det finst viltveksande plantar, men desse stammar truleg frå tidlegare tedyrking. I Tanzania og Madagaskar finst det døme på at tebusk har spreidd seg og kan bli invasiv.[1]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Planten er særleg kjend som opphavet til tedrikken, som blir laga av nye skot og blad. Avhengig av måten ein tørker dei på kan ein laga kvit, grøn, svart eller andre typar te. Også kvistane kan brukast til å laga te, kvist-te (kukicha eller bocha). Teplanten har også vore brukt til urtemedisin, til å tyggjast og til sylting. Nokre av innhaldsstoffa i planten er xantin som koffein, som gjev ein oppkvikkande verknad.

I tillegg til å vera ein viktig sosial og stimulerande drikk har te også vore nytta som medisin, særleg innan tradisjonell kinesisk medisin. I Kina har ein brukt teplanten i over 4000 år. Bruken av te spreidde seg slik at på 600-talet dyrka ein truleg te i alle provinsane i Kina. Rundt 600 blei planten innført til Japan av buddhistprestar. Også her spreidde bruken av te seg til alle samfunnslag i løpet av dei neste hundreåra.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 Camellia sinensis (tea), Royal Botanic Gardens, Kew 
  2. 2,0 2,1 2,2 Camellia sinensis, in pursuit of tea 
  3. «Te», Store norske leksikon, 15. februar 2009, henta 16. mai 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]