Svartstrupetrast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Svartstrupetrast

Status i verda: LC Livskraftig

Svartstrupetrast Foto: Koshy Koshy
Svartstrupetrast
Foto: Koshy Koshy
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Turdidae
Slekt: Turdus
Art: T. atrogularis
Namn på andre språk
  • Engelsk: Black-throated thrush
  • Vitskapleg namn
    Turdus atrogularis
    Jarocki, 1819

    Svartstrupetrast (Turdus atrogularis) er ein sporvefugl i trastefamilien som hekkar i Sibir og overvintrar i sørvestlege Asia inkludert områda rundt Persiabukta.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Dette er ein mellomstor trast, ca. 24-27 centimeter i kroppslengd, omtrent som gråtrast. Fjørdrakta til vaksne hannar er diffust grå på oversida frå hovud og bak til overgumpen. Ansiktet, strupen og øvvre delen av brystet er svart. Halen er òg svart. Undersida er kvit i kontrast til brystet. Hoer har langt mindre distinkte draktmønstre med bleikare og stripete bryst og brungrå streker på undersida. Begge kjønna har mørkt nebb med gul underside.[1]

    Hekkeområdet til svartstrupetrasten er i sentrale Sibir aust for Ural-fjella. Det strekker seg litt inn i nordlege Mongolia og rundt grenseområda Kasakhstan-Russland-Mongolia-Kina. Hekkehabitata er varierte, men knytt til skog og opptil 2200 moh.

    Vinterkvarteret er frå sørlegaste Kasakhstan sørover og over det meste av Iran rundt Persiabukta, langt inn på Den arabiske halvøya, austover til nordlege India, Myanmar, og litt inn i sørlegaste Kina. Her kan han leve opptil 4200 moh mot Himalaya.

    Føda til svartstrupetrasten er insekt og andre virvellause dyr, spesielt om vinteren kan dei ta bær. Dei beitar mest på bakken og litt inn i buskar. Dette er ein sosial art utanom hekketida.[1]

    Storleiken på populasjonen er estimert til i mellom 0,1-0,5 millionar individ. Arten er klassifisert som globalt livskraftig, LC.[2]

    Spontant i Noreg

    Det finst registreringar av streiffuglar i Noreg dei siste åra, gjerne seint haust eller vinter og ofte berre einslege individ.[3] Elles streifar få individ både austover til Japan og vestover til Europa mellom november og februar.[1]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. 1,0 1,1 1,2 Collar, N. (2019) Black-throated Thrush (Turdus atrogularis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 15. desember 2019
    2. BirdLife International (2019) Species factsheet: Turdus atrogularis. Henta frå http://www.birdlife.org den 15. desember 2019
    3. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 15. desember 2019. 

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Svartstrupetrast