Gråtrast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gråtrast
Gråtrast
Gråtrast
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigOmtrentleg geografisk utbreiing ██ Overvintringsområde██ Hekkeområde██ Året rundt
Omtrentleg geografisk utbreiing

██ Overvintringsområde██ Hekkeområde██ Året rundt

Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Trastefamilien Turdidae
Slekt: Turdus
Art: Gråtrast T. pilaris
Vitskapleg namn
Turdus pilaris

Gråtrast eller gråtrost (Turdus pilaris) er ein fugl i trastefamilien. Arten finst som hekkefugl i Europa frå Noreg i nord til Frankrike og Nord-Italia i sør, og vidare austover i eit breitt belte gjennom Sibir til forbi elva Lena.

«Gråtrast» og «gråtrost» kan vera hannkjønns- eller hokjønnsord på nynorsk.[1] Rundt i Noreg har mange lokale namn vore brukt, til dømes «skjetatrast» i Hordaland og «ræpetrost» i Buskerud.[2]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Gråtrasten er ein relativt stor og kraftig trast med ei kroppslengd på rundt 25 centimeter. Brystet er gyldent med svarte flekker, undersida lys. Øvre rygg og oversida av vengene er brune. Hovudet og nakken er grå, overgumpen lysgrå, stjerten mørk. Nebbet er grågult. Hoa og hannen er like.[3]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Gråtrasten finst som hekkefugl frå Fennoskandia til Sør-Frankrike i Europa og i eit breitt belte austover gjennom Europa og Sibir til nordaustlege Kina og aust for elva Lena i Russland. Han overvintrar i det meste av Europa unntatt nordlegaste Fennoskandia, rundt Middelhavet, Tyrkia, Kaukasus og i eit område i Sentral-Asia.

Gråtrasten er relativt ny som hekkefugl i Storbritannia der han hekkar berre spreitt og fåtalig. Lengre vest, på Island, held han til berre utanfor hekketida. På Grønland etablerte gråtrasten seg i sørvest i 1937, men er truleg forsvunnen.

I Noreg

Gråtrasten er ein vanleg hekkefugl over nesten heile landet. Han hekkar frå havnivå til langt opp på snaufjellet. I vierregionen er han relative vanleg, og stundom går han heilt opp i lavregionen. På Hardangervidda t.d., hekkar han regelmessig opp til om lag 1250 moh., og er observert enda høgare. Ved Sylane er det gjort hekkefunn 1400 moh. Fuglen lever i all slags skog, men unngår helst større samanhengande skogområde. Han trivst særleg godt i skogkantar, der skogen grensar mot dyrka mark, myr eller andre opne felt. Fuglen kan og slå seg til i meir opne område, særleg kulturmark, med nokre få skogholt eller berre nokre få større tre. Gråtrasten har etter kvart også vorte ein vanleg fugl i mange byar og tettstader, om enn ikkje i same utstrekning som svarttrasten. Her finn vi gråtrasten i hagar, parkar og allear og på kyrkjegardar, dersom det finst nokre større tre med opa mark i nærleiken. Arten finst også på heilt trelause stader, som t.d. i vierkjerr til fjells, og heilt ute mot Ishavskysten i Finnmark. Den norske hekkebestanden er truleg på over 1 million par.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Gråtrasten hekkar ofte i koloniar med frå nokre få par opptil 40-50 par. Somme hekkar i einslege par. Reiret vert som regel plassert i eit tre. I område utan tre og buskar kan reiret plasserast på bygningar, fiskehjellar, bruer, gjerder, store steinar eller liknande. Sjølv om gråtrasten hekkar i koloniar er det sjeldan meir enn eit reir i kvart tre. Inne i koloniane forsvarar gråtrasten små territorier som kanskje berre omfasttar reirtreet og ein utkikspost. I utkanten av koloniane er territoria noko større. Næringssøket går føre seg på nøytral grunn utanfor territoria. I låglandet legg hoa vanlegvis 5-6 egg i byrjinga i mai. Til fjells og i Nord-Noreg vert egga lagde i slutten av mai eller byrjinga av juni. Egga vert ruga i ca. 13 dagar og ungane vert flygedyktige etter to veker. I Sør-Noreg legg gråtrasten stundom to kull. Fuglane kan vere svært aggressive ved reiret, og kan angripe alle potensielle fiendar med ein stråle av ekskrement.

Levemåte[endre | endre wikiteksten]

Fuglen lever av meitemark, insekt, edderkoppar og plantedelar. Om hausten et han mykje bær.

Gråtrasten i Noreg er trekkfugl som overvintrar i Vest-Europa. Han kjem attende i slutten av mars lengst i sør. Trekket held fram ut april og ut i mai. Haustttrekket tek til i slutten av september og held fram til langt ut i november, med hovudtyngda i oktober. Gråtrastane kan danne flokkar på mange tusen individ på hausttrekket. Når det er rikeleg med bær, kan mange overvintra i Noreg. Mange av fuglane som overvintrar her i landet kjem truleg austfrå, frå Sverige, Finland og Russland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. «gråtrast» i Nynorskordboka.
  2. Haftorn, Svein (1971). Norges fugler. Universitetsforlaget. s. 687. 
  3. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gråtrast