Sverre Øverby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre Øverby
Statsborgarskap Noreg
Fødd 26. februar 1929
Død

19. mai 1996 (67 år)

Idrett friidrett

Sverre Øverby (26. februar 192919. mai 1996) var ein norsk friidrettsutøvar frå Lunner i Oppland som vart noregsmeister i kulestøyt åra 1953, 1955, 1956 og 1957. I tillegg vann han i tida 1952–59 to sølv- og to bronsemedaljar i øvinga under norske meisterskap. Han var medlem i Lunner IL til 1953, sidan representerte han Vestheim IF 1954–56 og IK Tjalve frå 1957.

Under noregsmeisterskapen i Stavanger i 1956 støytte Øverby kula 15,93 meter, ny meisterskapsrekord og einast 9 centimeter kortare enn Per Stavem sin norske rekord frå 1952. Etter meisterskapen vann Øverby seks stemne med støyt på frå 15,70 til 15,85 meter, men klarte ikkje å forbetre den personlege rekorden.

Øverby var busett i Oslo frå 1954. Han var tilsett i Forsvaret som idrettsoffiser.

Medaljar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]