Sverre Bagge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sverre Bagge
Fødd7. august 1942
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
Alma materUniversitetet i Bergen
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Academia Europaea

Sverre Bagge (fødd 7. august 1942) er ein norsk mellomalderhistorikar.

Bagge var førsteamanuensis i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen i åra 1974-1991, professor frå 1991. Sidan 2003 har professor Bagge leia eit av dei norske senter for framifrå forsking, Senter for middelalderforskning[1] ved Universitetet i Bergen. Frå 2005 har dette senteret òg husa Nordisk senter for middelalderstudier.[2]

Sverre Bagge er den fremste historikaren i Noreg innan den delen av norsk mellomalderforsking som har late seg inspirera av sosialantropologi, og han er sentral innan norsk mentalitetshistorie. Bagge er inspirert av eit aktørorientert perspektiv, noko som særleg vert assosiert med antropologar som Fredrik Barth og F.G. Bailey.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Vitskaplege artiklar[endre | endre wikiteksten]

  • Samkongedømme og enekongedømme Historisk tidsskrift 1975 54: 239-274
  • Kirkens jurisdiksjon i kristenrettssaker før 1277 Historisk tidsskrift 1981 60: 133-159
  • Borgerkrig og statsutvikling i Norge i middelalderen Historisk tidsskrift 1986 65: 145-197
  • Det politiske menneske og det førstatlige samfunn Historisk tidsskrift 1989 68: 227-245
  • Samfunnsbeskrivelsen i Heimskringla. Svar til Birgit Sawyer Historisk tidsskrift 1994 73: 205-215
  • Snorre som forfatter til Heimskringla. svar til John Megaard Historisk tidsskrift 1995 74: 240-244
  • Udsigt og innhogg. 150 års forskning om eldre norsk historie Historisk tidsskrift 1996 75: 37
  • Helle, Knut: Under kirke og kongemakt. Aschchougs Norges historie bd. 3 Historisk tidsskrift 1996 75: 497
  • Mellom kildekritikk og historisk antropologi. Olav den Hellige, aristokratiet og rikssamlingen Historisk tidsskrift 2002 81: 02-mars
  • Snorre og "Wie Es Eigentlich Gewesen" Svar til Birgit Sawyer Historisk tidsskrift 2003 82: 3
  • Kirken, bøndene og motstandsretten Historisk tidsskrift 2005 84: 385
  • Michael Bregnsbo og Kurt Villads Jensen: Det danske imperium. Storhed og fald Historisk tidsskrift 2006 85: 737
  • Sagaen om Håkon Ivarsson, Sagabok (2017), Forord.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Centre for Medieval Studies, arkivert frå originalen 16. februar 2008, henta 21. mars 2021 
  2. ordic Centre for Medieval Studies-NCMS, arkivert frå originalen 8. desember 2007, henta 21. mars 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]