Sverre Marstrander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sverre Marstrander
Sverre marstrander ed.jpg
Fødd24. oktober 1910
Oslo
Død20. september 1986
NasjonalitetNoreg
Yrkeantropolog, arkeolog, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo

Sverre Marstrander (24. oktober 191020. september 1986) var ein norsk arkeolog frå Oslo.

Marstrander var i 1935 med ein svensk ekspedisjon til Hellas og studerte i 1937 ved det svenske arkeologiske instituttet i Roma. Same året tok han magistergraden i klassisk arkeologi. Frå 1938 var han i ti år konservator ved Universitetets Oldsaksamling i Oslo. Sidan var han førstekonservator og styrar av den antikvariske avdelinga ved Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondheim i tjue år frå 1948 til 1968.

Marstrander gjorde viktige feltarbeid i Stjørdal og gav i 1956 ut Hovedlinjer i Trøndelags forhistorie. I 1963 vart han dr. philos. med avhandlinga Østfolds jordbruksristninger, eit særleg viktig arbeid om helleristingar. Han skreiv elles mykje om kulturtilhøva i bronsealderen.

Frå 1968 til -80 var Marstrander professor i nordisk arkeologi ved Universitetet i Oslo, og samstundes styrar av Oldsaksamlinga ved det same universitetet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]