Sylblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sylblad
Sylblad
Sylblad
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Krossblomordenen Brassicales
Familie: Krossblomfamilien Brassicaceae
Slekt: Subularia
Art: Sylblad S. aquatica
Vitskapleg namn
Subularia aquatica

Sylblad (Subularia aquatica) er ein 2-8 cm høg vassplante i sylbladslekta som veks i næringsfattige innsjøar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Blada er tynne og sylspisse. Dei sit i ein liten rosett. Blomane, som kjem i juli-august, er omlag 1 mm store, medan fruktene er 3-5 mm lange, ovale skulper. Sylblad kan ha blomar under vatn, men det er berre blomane som stig over vassoverflata som opnar seg. Blomane under vatnet blir verande lukka og pollinerer seg sjølv.

Frå botnen av rosetten går det ut ein liten dusk av klart kvite, tynne røter.

Sylblad veks særleg i næringsfattige innsjøar med klart vatn. Som tjørngras kan han veksa på periodisk tørrlagde breidder, der han så blir mindre av vekst.

Sylblad veks i Eurasia og Nord-Amerika. Han er utbreidd i Skandinavia.

Kjelderr[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]