Tørking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fasediagram som skildrar tørking. Den grøne pila er vanleg tørking der væska fordampar til gass. Den blå pila viser frysetørking som går via solid til gass. Den raude pila viser superkritisk tørking der væska sublimerer til gass.

Turking eller tørking vil seia at ein minkar væskeinnhaldet i noko gjennom fordamping. Ein kan mellom anna tørka ulike matvarer, tekstilar, papir og leivningar for å hindra rotning, endra eigenskapane det har eller gjera det brukbart på anna vis.

Det finst ulike tørkemetodar. Den enklaste er å utsetja overflaten til det som skal tørkast for luft. Døme på dette er klesvask på ei line, gras på ei hesje og tørrfiskhjell. I tørre omgjevnader som er varme eller vindfulle vil dette vera nok til å tørka i løpet av rimeleg tid. I område med mykje sollys kan ein nytta varmen frå dette til rask soltørking, til dømes av tomatar, kaffi og druer til rosiner. Elles kan ein sjølv tilføra varm eller blåsande luft for å påskunda tørkeprosessen. Tørkerom og tørkeskap, tørkeri og tørketrommel er døme på innreiingar laga for å tørka raskare.

Frysetørking er ein prosess der ein tørker gjenstandar gjennom fordamping etter at dei er frosne. Frysinga gjer at det som skal tørkast blir betre bevart under tørkeprosessen.

Superkritisk tørking er ein teknikk der ein fører væska til eit kritisk punkt som gjer at ho kan sublimera til gass, heller enn å fordampa. Prosessen blir brukt til å tørka krydder, gel til aerogel, mikroelekromekaniske system (MEMS) og biologiske spesimen til rasterelektronimkroskop.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]