TIX

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
TIX
Fødd12. april 1993 (28 år)
FødestadBærum
FødenamnAndreas Andresen Haukeland
AliasTix
OpphavNoreg
Aktiv2013–
SjangerElektronisk dansemusikk
PlateselskapUniversal Music Group
Verka somsongar, låtskrivar, musikkprodusent, musikar
PrisarÅrets spellemann

Andreas Andresen Haukeland (fødd 12. april 1993), betre kjend under artistnamnet TIX, er ein norsk artist, produsent og låtskrivar frå Bærum.[1][2][3]

Utover i 2010-åra gjorde han seg nemnd som produsent av kontroversielle russesongar, og i 2015 vart han landskjend for den svært omdiskuterte russelåten «Sjeiken».[4] I 2018 gav han ut sin fyrste solosingel, «Shotgun», og sidan har han laga musikk med meir seriøse og personlege tema og tekstar.[5] Sommaren 2019 toppa TIX VG-lista med den sjølvbiografiske låten «Jeg vil ikke leve».[6][7][8] Han toppa VG-lista på nytt med «Kaller på deg» og «Karantene», og i 2020 var han den meststrøymande artisten i Noreg.[9][10] TIX var ein av finalistane i Melodi Grand Prix 2021 og vann med låten «Ut av mørket».[11]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

TIX er kjend for sin fargerike og flamboyante stil med pelskåpe, solbriller og panneband påført med teksta «TIX».[12] Artistnamnet kjem frå tourettes syndrom, som Haukeland har hatt sidan barndomen.[13] Syndromet medfører ufrivillige rykkingar, såkalla «tics». Desse gjorde at han vart mobba på skulen, men han valde å ta eigarskap over «ticsa» ved å ta artistnamnet «TIX».[14] TIX brukar solbriller for å skjula rykkingar med auga.

TIX vart landskjend i Noreg i 2015 med den kontroversielle russelåten «Sjeiken 2015».[15][4] Songteksta vart gjenstand for debatt i fleire veker, medan TIX sjølv svarte på kritikken ved å leggje ut ein Snapchat-serie der han bada i pengar.[16][17] I 2016 gav han ut sit fyrste og førebels einaste album, Dømt og berømt, som låg 79 veker på den offisielle norske albumlista.[18]

I tillegg til russemusikken har TIX jobba som låtskrivar i Los Angeles, der han blant anna har skrive «Game Time» for Flo Rida og «Sweet But Psycho» for Avea Max.[19] Sommaren 2017 var TIX oppvarmingsartist for Justin Bieber på Forus Travbane i Stavanger.[20]

Etter fleire år med russelåtar og festmusikk, gav Haukeland i 2018 ut sin fyrste solosingel, «Shotgun». Sidan følgde fleire låtar med meir seriøse og personlege tekster, og i 2019 toppa han for fyrste gong VG-lista med den djupt personlege låten «Jegg vil ikke leve». Han har sidan følgd opp med ei rekkje personlege og tidsaktuelle låtar, blant anna «Når jeg er full», «Kaller på deg» og «Karantene».[21] Han toppa VG-lista på ny med dei to sistnemnde.[22] I takt med overgangen frå russelåtar til meir folkelege og personlege poplåtar, har han òg fått eit breiare publikum og meir heider frå musikkbransjen og pressa.[13][19][5] I 2020 var TIX den meststrøymande artisten i Noreg.[9][10] Han har òg vorte hylla for sin openheit rundt einsemd, depresjon og sjølvmordstankar.[23]

TV-framsyningar[endre | endre wikiteksten]

I 2019 deltok han i den ellevte sesongen av Paradise Hotel, og same år avslutta han VG-lista Topp-20-konserten på Rådhusplassen i Oslo.[21][24][25] I 2020 var TIX dommar i Idol, og hausten same år opptredde han under P3 Gull, der han framførte låten «Tusen tårer» for fyrste gong.[26]

I januar 2021 var han gjest i talkshowet LindmoNRK1, der han fortalde om sin einsemd, depresjon og sjølvmordforsøk.[23][27] Der fortalde han at låten «Jeg vil ikke leve» var basert på røynslene frå den vanskelege perioden.[28]

Melodi Grand Prix 2021[endre | endre wikiteksten]

Vinteren 2021 deltok han i Melodi Grand Prix med låten «Ut av mørket» / «Fallen Angel», og vann den norske finalen laurdag 20. februar 2021.[11][29]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Album Listeplassering
NOR[30]
2016 Dømt og berømt[3] 2

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Som soloartist eller hovudartist:[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Listeplassering
NOR[22]
2018 «Shotgun» 5
«Håper nissen har råd» 5
2019 «Jeg vil ikke leve» 1
«Neste sommer» 3
«Når jeg er full» 14
«Brosjan Jesus» 20
«Jævlig» 3
2020 «Kaller på deg» 1
«Karantene» 1
«Skål» 2
«Deg eller ingenting» (med Morgan Sulele) 4
«Nå koser vi oss» 4
«Ikke han» (med Teddy)
«Jul i karantene» 10
«Tusen tårer» 6
2021 «Ut av mørket» 3

Russelåtar[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Listeplassering
NOR[22]
2015 «Sjeiken 2015» (med The Pøssy Project) 5
«Habbo Club 2015» (med The Pøssy Project) 22
2016 «Tronen 2016» (med The Pøssy Project) 24
«Ponyville 2016» (med The Pøssy Project) 17
«Hydra 2016» (med The Pøssy Project) 15
«Dory 2017» (med The Pøssy Project) 8
«Versace 2017» (med The Pøssy Project) 5
«Gullalderen 2017» (med The Pøssy Project) 33
2017 «Skammekroken 2017» (med The Pøssy Project) 25
«Hakkebakkeskogen 2017» (med The Pøssy Project) 32
«Ulovlig 2018» (med Moberg) 22
2018 «Nasjonen 2018» (med The Pøssy Project) 29
2020 «Dommedagen 2020» (med Soppgirobygget) 17

Som medartist[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Listeplassering
NOR[22]
2020 «Igjen og igjen» (med El Papi) 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gaute Zakariassen (27. oktober 2017). «Dette tjente norske artister i 2016». NRK. Henta 10. juli 2020. 
  2. Knut-Eirik Lindblad (7. juli 2018). «Provokatøren». Dagbladet. s. 48–50. 
  3. 3,0 3,1 Tor Martin Bøe. «Plateanmeldelse: Tix – «Dømt og berømt»». VG. 
  4. 4,0 4,1 Christensen, Ralf Lofstad, Christian Roth (9. mai 2015). «- Tekstene er en veldig grotesk framstilling av kvinner som horer» (på norsk). Henta 17. januar 2021. 
  5. 5,0 5,1 «TIX: – Jeg trengte en milliard streams på en internasjonal hit for at Norge i det hele tatt skulle anerkjenne at det var et talent til stede» (på norsk bokmål). 9. august 2020. Henta 17. januar 2021. 
  6. «Jeg Vil Ikke Leve». Henta 10. oktober 2019. 
  7. «MUSIKK: Låta «Når Jeg Er Full» sluppet av TIX». Bodøposten. 30. september 2019. 
  8. Catherine Gonsholt Ighanian. «Ny sommerlåt fra kontroversielle TIX: – Her har jeg vært snill!». VG. 
  9. 9,0 9,1 «Musikknyheter.no - Dette har nordmenn hørt på i 2020». Henta 17. januar 2021. 
  10. 10,0 10,1 NTB. «Dette strømmet vi i 2020 – norske artister hevder seg på hjemmebane» (på norsk bokmål). Henta 17. januar 2021. 
  11. 11,0 11,1 «Tix klar for Melodi Grand Prix: – Det har vært en tung tid, og nå skal vi «Ut av mørket»» (på norsk). Henta 11. januar 2021. 
  12. «TIX om imaget sitt: – Jeg er egentlig pelsmotstander» (på norsk). 27. juni 2019. Henta 17. januar 2021. 
  13. 13,0 13,1 «Andreas Haukeland (27) tar et oppgjør med musikkbransjen – og med sin egen Tix-forkledning» (på norsk). 21. november 2020. Henta 17. januar 2021. 
  14. Lindblad, Knut-Eirik (6. juli 2018). «Russelåtkongen om å ha Tourettes: - Den krever mye å styre» (på norsk). Henta 17. januar 2021. 
  15. Klausen, Aslaug Olette (8. mai 2015). «Sug fløyta mi, hore» (på norsk). Henta 17. januar 2021. 
  16. Nils Harnes (15. februar 2016). «Andreas Haukeland badet i penger på sosiale medier». Budstikka. 
  17. «Skandale-russelåt stormer VG-lista» (på norsk bokmål). Henta 17. januar 2021. 
  18. «Dømt og Berømt – TIX – VG-lista topp 40». Henta 17. januar 2021. 
  19. 19,0 19,1 Stein Østbø (20. februar 2017). «Tix fra russeharry til rap-eliten». VG. 
  20. Tormod Halleraker (7. juni 2017). «Se bilder direkte fra Justin Biebers opptreden». Dagbladet. 
  21. 21,0 21,1 «TIX slipper musikkvideo til "Karantene" med hjelp av det norske folket | Universal Music Norge» (på norsk). Henta 17. januar 2021. 
  22. 22,0 22,1 22,2 22,3 «TIX» (på norsk bokmål). Henta 17. januar 2021. 
  23. 23,0 23,1 Jensen, Ida Sandli (16. januar 2021). «Rørt av responsen: - Jeg elsker dere» (på norsk). Henta 17. januar 2021. 
  24. AS, TV 2 (26. mai 2019). «TIX mener han tapte millioner på å delta på Paradise Hotel» (på norsk). Henta 17. januar 2021. 
  25. «TIX avsluttet VG-lista til øredøvende jubel – vurderte å si nei til å opptre» (på norsk bokmål). 1. juli 2019. Henta 17. januar 2021. 
  26. Eilertsen, Emma Cecilia Eriksson, Martine Johansen, Henriette (30. november 2020). «– Ikke så lett å passe inn» (på norsk). Henta 17. januar 2021. 
  27. Hagen, Knut-Øyvind (15. januar 2021). «Tix forteller om ensomhet og selvmordstanker i åpenhjertig intervju» (på norsk bokmål). Henta 17. januar 2021. 
  28. Røssland, Vilde Holta (15. januar 2021). «Åpenhjertig Andreas «Tix» Haukeland: – Har kjent på en enorm ensomhet» (på norsk). Henta 17. januar 2021. 
  29. Hagen, Knut-Øyvind (20. februar 2021). «TIX er vinneren av MGP – tar til tårene» (på norsk bokmål). Henta 20. februar 2021. 
  30. «Dømt og Berømt» (på norsk bokmål). Henta 17. januar 2021.