Ta sjansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ta sjansen var eit årleg show-renn som blei arrangert i Besserudtjernet i botnen av Holmenkollbakken frå 1983 til 2002. Arrangør var Skiforeningen i samarbeid med NRK. Showet blei sendt på NRK med blant anna Knut Th. Gleditsch, Roald Øyen, Knut Bjørnsen, Dan Børge Akerø, Ivar Dyrhaug, Vidar Lønn-Arnesen og Tande P. som programleiarar.

Showet bestod av to delar: Båtklassen og sykkelklassen. Deltakarane måtte stilla med ein sjølvbygd båt eller sykkel.

Arrangementet var også planlagt gjennomført i 2003, men blei avlyst etter at Skiforeningen hadde tapt over 6 millionar kroner på konkursen i Sponsorservice.[1]

I 2019 blei bjølla som blei brukt i konkurransen auksjonert bort i samband TV-aksjonen 2019 for 1 million kroner.[2]

Oversyn over arrangement[endre | endre wikiteksten]

Denne lista er diverre ufullstendig. Om du veit meir, kan du hjelpe Wikipedia ved å utvide henne.
Dato Publikum Vinnarar Programleiar
9. juli 1983[3] Brødrene Brudeli frå Trøgstad Roald Øyen
23. juni 1984[4] 25 000 Brødrene Brudeli frå Trøgstad Bjørge Lillelien og Knut Bjørnsen
18. juni 1985[5][6] 8000–15 000 «Kane ad undas», Brødrene Brudeli frå Trøgstad. 3,1 sek Bjørge Lillelien og Knut Bjørnsen
1986 Dan Børge og Hallvard Flatland
27. juni 1987 Fiaskoprisen båt: Piano, Ohmp & Blæds, AID, Grimstad Dan Børge Akerø og Bjørge Lillelien
25. juni 1988[7] Båtkonkurransen: Utfordreren 2 Fiaskoprisen sykkel: Brudeferden Jahn Teigen, Knut Th. Gleditsch og Dan Børge Akerø
18. juni 1989[8] 30 000 Båtkonkurransen: I/S Sprutnink, Martinteknisk avdeling, NTH. 3,7 sek og: Bjelleknuseren Mysen Ungdomskor, 3,7 sek Dan Børge Akerø
7. juli 1990 F/S Leif, Martinteknisk avdeling, NTH. Programmet hadde ingen kommentarar grunna streik på opptakstidspunktet.
29. juni 1991 Mannhullet, Martinteknisk avdeling, NTH. 3,9 sek Dan Børge Akerø og Knut Th. Gleditsch
27. juni 1992 Båtkonkurransen: Kollenbrølet, 4,3 sek. Sykkelkonkurransen: Trippel. Andreas Lunnan
3. juli 1993 Vidar Lønn-Arnesen
25. juni 1994 Vidar Lønn-Arnesen
26. juni 1995 Alf Tande-Petersen
29. juni 1996 Fiaskoprisen: «Yngve». Skiforeningens ærespris: «Vannvogna», Norsk Caravan Club. Raskeste farkost: «Datavirus», 3,9 s. Alf Tande-Petersen
1997
1998
1999
2000 Båtkonkurransen: Tusen raske frå Bodø Jon Herwig Carlsen
24. juni 2001[9] 10 500 Båtkonkurransen: Tusen raske frå Nordlandsbanken

Fantasiprisen: Boobietrap (Jon Peder Saxe, Jay Eliston, Morten Aas, Andreas Forsmark og Tine Stausland)

Jon Herwig Carlsen
23. juni 2002[10][11] 8200 Jan Erik Larssen og Jon Herwig Carlsen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ta sjansen og sommerkonserten er avlyst». NRK Østlandssendingen. 9. april 2003. Henta 10. desember 2015. 
  2. nrk.no: Slik gikk auksjonene[daud lenkje]
  3. VG, 28. mai 1983, side 54. (Atekst: Ta sjansen med Roald)
  4. VG, 23. juni 1984, side 51. (Atekst: Frodig folkefest)
  5. Aftenposten, 19. juni 1985, side 64. (Atekst: Friskt vanvidd i Holmenkollen)
  6. Aftenposten, 25. mai 1984, side 15. (Atekst: Østerrike sender direkte fra "Kollen")
  7. Youtubeklipp frå 1988
  8. «A-ha diary 1984–1994». Arkivert frå originalen 27. mai 2012. 
  9. nrk.no: Arendalitt vant i kollen
  10. nrk.no: Uteligger og veltepetter klare for
  11. «De sprøes tjern». Aftenposten / OsloBy. 24. juni 2002. Henta 10. desember 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]