Dan Børge Akerø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Dan Børge Akerø
Se hva som skjedde 20 år med TV 2 (7176157934) (cropped).jpg
Fødd 23. januar 1951
Jylland
Yrke journalist, programleiar, fotballspelar, sosiolog
Dan Børge Akerø på Commons

Dan Børge Akerø (fødd 23. januar 1951) er ein norsk fjernsynsprogramleiar og journalist.

Utdanning og karriere[endre | endre wikiteksten]

Han er utdanna ved Universitetet i Oslo, der han har ein cand.mag.-grad. Frå 1975 til 1980 arbeidde han som vitskapleg assistent og NAFV-stipendiat ved Institutt for fredsforskning.[1] Spesialområdet hans var Latin-Amerika.[2] I ungdommen sin spela han òg klubbfotball[3] for Skeid og Viking FK.[4]

Før Akerø gjorde ferdig mastergraden sin,[2] byrja han mediekarrieren sin som utanriksreporter i NRK Radio i 1979. Han vart seinare forfremja til nyhendeanker i Dagsrevyen. I 1986 vart han programleiar for prateprogrammet SenFredag, det fyrste av sitt slag på norsk fjernsyn. Han følgde opp med LørDan,[1] som gjekk frå 1987 til 1990. Frå 1990 til 1992 var han underdirektør for kultur og underhaldning i NRK.[3]

I 1992, då NRK-rivalen TV 2 vart starta, vart Akerø rekruttert dit.[1] Der var han programleiar for opningsprogrammet,[3] i tillegg til andre underhaldningsprogram.

Seint på 1990-talet var han med på å starte netthasardføretaket Global Money Games. Styreleiaren i dette føretaket var den tidlegare politikaren Pål Atle Skjervengen. Føretaket vart etter kvart kjent som ei børsboble, men Akerø selde seg ut før føretaket gjekk dukken i 1998.[5] Han har seinare starta eit lønsamt investeringsføretak med namnet Danpower International AS.[6] Likevel tapte han ved eit høve 1 500 000 norske kroner personleg gjennom ei feilslått investering i hotellbransjen.[7]

Akerø vende tilbake til NRK i 1999 og var deretter programleiar for Den store klassefesten. Mellom 2000 og 2005 hadde programmet mellom 986 000 og 1 411 000 sjåarar.[8] For dette programmet fekk Akerø to Gullruten-prisar, i 2001 og 2003. Han er òg kjend som programleiar av musikkonkurransen Kjempesjansen,[1] i tillegg til ei ny runde med LørDan.[9] Han var òg programleiar for den årlege Idrettsgallaen og 2007-[10] og 2008-versjonane[11] av TV-aksjonen.

I 2011 og 2013 var han attende som programleier i NRK med sitt eigenutvikla konsept QuizDan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Knut Olav Åmås [red.]: «Akerø, Dan Børge» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Hvem er hvem?, s. 19
  2. 2,0 2,1 Ulrik Eriksen (27. desember 2000). «Latin Lover». Universitas. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Synne Hedlo (23. desember 2002). «Historien om Dan Børge». NRK. 
  4. Mads Kvernen Kleppe (19. september 2007). «Power fra Dan Børge». NA24. 
  5. Line Fransson (26. mai 1998). «Global Money Games legges ned». Dagbladet. 
  6. Mads Kvernen Kleppe (21. juli 2008). «Dan Børge dro inn 1,8 mill.».  Parameteren |utgjavar= er ikkje støtta av malen. (hjelp)
  7. Håkon Høgetveit (17. februar 2008). «Dan Børge har tapt millioner». NA24. 
  8. Audun Giske (8. november 2005). «Festen over for Akerø». Kampanje. 
  9. Ulrik Rongved Amundsen (20. september 2003). «LørDan er tilbake». NRK. 
  10. «Ny rekord for TV-aksjonen». VG. 22. oktober 2007. 
  11. Paal A. Svendsen og Aashild Sørheim (25. juni 2008). «Helene og Dan Børge». NRK.