Tabl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tabl

KlassifiseringPerkusjon

Tabl, også kalla tbïla, tbal, tbel og tobilat, er eit maghrebisk perkusjonsinstrument.

Det er danna av eit par små pauker som likner asiatisk nagara. Trommene er av keramikk, og dei to trommene har ulik storleik. Dei har geiteskinn på toppen som er festa med leirbinding rundt sjølve tromma. Dimensjonane varierer, mellom 20 og 50 centimeter i diameter for den største tromma.

Tabl er utbreidde i Algerie, Tunisia, Mauritania og Marokko. Trommetypen finst òg i Jemen og Egypt, sjølv om det same ordet her òg kan visa til ein variant av darbouka og til og med ei stor tromme som ligg nær davul.  Ordet dannar opphav for namnet til det indiske trommeparet tabla.

Spel[endre | endre wikiteksten]

Ein speler på tromma med hendene. Ho blir nytta til tradisjonsmusikk frå landsbygda og i nokre sufi-samfunn, som aissawa/isawiyya.

Den mest kjende tabl-spelaren er Laarbi Batma (1948-1997), som spelte i gruppa Nass El Ghiwane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]