Tagetes lucida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tagetes lucida
Tagetes lucida
Tagetes lucida
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Slekt: Fløyelsblomslekta Tagetes
Art: T. lucida
Vitskapleg namn
Tagetes lucida
Frø frå Tagetes lucida

Tagetes lucida er ein planteart i fløyelsblomslekta i korgplantefamilien. Den kjem opphavleg frå det sørlege Mexiko og Guatemala.

Arten har ikkje noko offisielt norsk namn, men blir kalla glanstagetes, tagetesestragon eller lakrisfløyelsblom.

Det er ein opprett, greina halvbusk som blir 45-75 cm høg. Blada er smalt lansettforma til avlange og skinnande mellomgrøne. Kruste blad har ei søt duft av dragon og kan nyttast i sallader. Blomsterkorgene blir ca 1,5 cm breie og har 3-5 gullgule kantblomster. Arten blomstrar om sommaren og hausten. Klipper ein av visne blomster blir det heile tida danna nye.

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Arten blir vanlegvis dyrka som eittårig i Skandinavia og toler ikkje frost. Han kan òg dyrkast i plantekasser og kan overvintre i svalt, men frostfritt miljø. Planta kan sjåast på som heilt frisk og til vanleg får den ingen sjukdommar. Planta krever ein solrik plass, men kan tolerere halvskugge. Den bør plantast på godt drenert jord og tole tørke godt når den er etablert. Arten kan dyrkast fram frå frø, men òg stamstiklingar og deling fungerer bra om ein har planter som har overvintra.