Takaka på New Zealand

Koordinatar: 40°51′S 172°48′E / 40.850°S 172.800°E / -40.850; 172.800
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Takaka
Horisonten til Takaka på New Zealand
Horisonten til Takaka på New Zealand
Styresmakter
Land
Region
New Zealand New Zealand
Tasman
Geografi
Innbyggjarar[1]
 - By (2006)

1149
Koordinatar 40°51′S 172°48′E / 40.850°S 172.800°E / -40.850; 172.800
Tidssone
- Ved sommartid
+12 (UTC)
+13 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 7110
Nettstad: www.tasman.govt.nz/tasman/settlements/takaka/
Plassering
Takaka på New Zealand is located in New Zealand

Takaka er ein liten by som ligg i den søraustlege enden av Golden Bay, i nordenden av SørøyaNew Zealand, ved den nedste delen av Takaka-elva. Han ligg ved byrjinga av den svingete vegen som følgjer elvedalen før han klatrar over Takaka Hill, og bind Golden Bay saman med den tettare busette kyststripa i Tasman Bay i søraust.

Jordbruk, skogbruk, muslingoppdrett, kalksteinsbrot og turisme er dei viktigaste lokale næringsvegane. Området kring Takaka er mineralrikt, og gull, jarnmalm, kopar, sølv og asbest finst alle i lokalområdet, men ingen i kommersielt utvinnbare mengder. Området kring Takaka Hill er også kjent for grottesystema som ligg der, med den djupaste vertikale sjakta på New Zealand, Harwood's Hole, i nærleiken. Der er også eit stort Fonterra meierianlegg i Takaka. Dei siste seksti åra har området trekt til seg mange fargerike menneske frå heile verda, som livnærere seg av kunst, kunsthandverk og andre kreative syslar, og som freister skape seg eit godt liv i kontrakt til storsamfunnets ideal om konkurranse og profitt.[treng kjelde]

Byen er også kjend for Te Waikoropupu Springs (eller Pupu Springs), kjeldene som har det klåraste ferskvatnet i verda.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «QuickStats About Takaka». 2006 Census. Statistics New Zealand. Henta 9. januar 2013. 
  2. Jessie Horton. «Crystal Clear Te Waikoropupu Springs». Henta 9. januar 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Takaka på New Zealand