Tamara Press

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tamara Press
Tamara Press 1964.jpg
Tamara Press under Sommar-OL 1964
Fødd 10. mai 1937
Kharkiv
Yrke friidrettsutøvar
Tamara Press på Commons

Tamara Natanovna Press[a] (fødd 10. mai 1937) er ein sovjetisk friidrettsutøvar frå Kharkiv i Ukraina, som tevla i kulestøyt og diskoskast. Ho vann tre EM-gull og like mange OL-gull i tida 1958 til -64. Irina Press var den yngre systera hennar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Tamara Press vart europameister i diskoskast under EM i friidrett 1958 i Stockholm. Ho sette då europarekord med 52,32 meter, men slo sølvvinnaren Stepánka Mertová frå Tsjekkoslovakia med berre 13 cm. Press tok så bronsemedaljen i kulestøyt med 15,53 m i sluttresultat, 21 cm bak europameisteren Marianne Werner frå Vest-Tyskland.

Til sommar-OL 1960 i Roma hadde Press forbetra seg mykje i kulestøyt sidan 1958. Ho sette olympisk rekord frå kuleringen med 17,32 m og vann ein overlegen siger. I diskos fekk ho sølv, slått med to-ein-halv meter av landsmannen Nina Ponomarjova.

I europameisterskapen 1962 var Press utilnærmeleg i kuletevlinga. Ho sette verdsrekord med 18,55 meter, toaren Renate Garisch frå Aust-Tyskland stoppa på 17,17 m. Også i diskoskast tok Press ein suveren siger, over tre meter framom sølvvinnaren.

Press kopierte gullfangsten frå EM 1962 under sommarleikane 1964. I Tokyo vann ho ein klar siger i kuletevlinga, medan ho i diskos sikra seg gullmedaljen med ein margin på fattige seks centimeter til tyske Ingrid Lotz.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Тамара Натановна Пресс, ukrainsk Тамара Натанівна Пресс

Kjelder[endre | endre wikiteksten]