Tanke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Tough decission». Ein som konsentrerer seg om å tenkja hardt vil ofte venda seg vekk frå omverda og inn i sitt eige sinn.

Ein tanke er ei førestilling i medvitet. Ved å tenkja kan individ tolka og hanskast med det dei oppfatter av omverda, til dømes sanseopplevingar, førsstillingsbilete, kjensler eller verbale symbol. Gjennom fantasi kan ein også tenkja seg nye idear som har utspring i sinnet og ikkje i omverda. Kognisjon viser til tenking og fleire andre prossessar utførte av nevronar i hjernen.

Psykologi[endre | endre wikiteksten]

Tenking er eit eige forskingsfelt innan kognitiv psykologi. Når ein har interessa vendt mot den ytre åtferda som avspeglar resultatet av tankeprosessane, snakkar ein gjerne om problemløysing. Tenking blir påverka av ei rekkje miljømessige og personlegdomssmessige faktorar, og i visse former for psykiske lidingar kan det oppstå alvorlege tankeforstyrringar.

«Swirling thoughts». Ei framstilling av tankar som symjande fisk.
Robert Fludd si førestilling av sanseinntrykk og tenking frå 1600-talet.

Forsking på tenking har mykje dreidd seg om to representasjonssystem: det verbale, eller tenking i ord, og det visuelt førestillingsprega, eller tenking i bilete. Verbal tenking er ein rimeleg rask, sekvensiell og temporal prosess. Visuell tenking er ein seinare, parallell og spatial prosess.

Ei anna vanleg inndeling av former for tenking går på skilnaden mellom frittflytande og dirigert tenking. Den frittflytande tenkinga er assosiativ, springande og lystorientert (draum, fantasi); den dirigerte er målretta og røyndomsnær (problemløysing).

Filosofi[endre | endre wikiteksten]

Innan filosofi er tenking tradisjonelt forstått som aktiviteten til medvitet i motsetnad til medvitet sin meir passive og mottakande rolle i åskoding (intuisjon) eller sansing. Det har vore særs delte meiningar om kva denne aktiviteten består i: ein indre dialog med seg sjølv (Platon), ei slags jamføring av medvitsinnhald eller «idear» (Locke, Hume), ei form for kalkyle eller rekning (Leibniz), handsaming av sanseinntrykk ved hjelp av omgrep (Kant), ein symbolfunksjon ved hjelp av teikn som representerer noko anna enn seg sjølv (Cassirer), eller ei verksemd som er meir eller mindre identisk med fornuftig og tenleg språkbruk (eit utbreitt synspunkt i dag). Ifølgje dei to siste oppfattingane blir forståinga av symbolbruk og språkbruk nøkkelen til forståinga av tenking.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tanke

Kjelder[endre | endre wikiteksten]