Tankesmie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei tankesmie eller tenketank (frå engelsk think tank) er eit forskingsinstitutt eller annan organisasjon som gjev råd og idear om politikk, næringsliv eller militære spørsmål. Tankesmier er ofte knytt til politiske parti, næringslivsorganisasjonar, universitet, militære organisasjonar eller andre institusjonar. Vanlegvis viser omgrepet til organisasjonar som sysselset tverrfaglege teoretikarar og intellektuelle som produserer anvende analysar og gjev politiske råd.

Norske tankesmier[endre | endre wikiteksten]

  • Civita, liberal tankesmie etablert i 2003
  • Tankesmien Skaperkraft, kristen tankesmie for positiv samfunnsbygging, grunnlagt i 2011
  • Agenda, ei sentrum-venstre tankesmie som vart etablert i 2014.
  • Fremskrittspartiets Utredningsinstitutt, tankesmie etablert i 1988 og nedlagd i 1994.
  • Human Rights Service, til innvandrings- og integreringspolitisk tankesmie etablert i 2001.
  • Liberalt Laboratorium, sosialliberal tankesmie etablert i 2005 og nedlagd i 2011.
  • Ludwig von Mises-instituttet i Noreg, liberalistisk tankesmie etablert i 2012.
  • Manifest senter for samfunnsanalyse, sosialistisk tankesmie etablert i 2009.
  • Minotenk, minoritetspolitisk tankesmie etablert i 2009.
  • Progressiv, sosialdemokratisk tankesmie etablert i 2011, nedlagt 2013.
  • Res Publica, raudgrøn tankesmie etablert i 2006.

Utanlandske tankesmier[endre | endre wikiteksten]

  • Cato Institute, amerikansk libertariansk tankesmie etablert i 1977
  • Center for Global Development, amerikansk progressiv tankesmie etablert i 2001
  • Council on Foreign Relations, amerikansk tankesmie etablert i 1921
  • Eudoxa, svensk liberal tankesmie etablert i 2000
  • Ludwig von Mises Institute, amerikansk libertariansk akademi og tankesmie etablert i 1982
  • Project for the New American Century, amerikansk nykonservativ tankesmie etablert i 1997 og nedlagd i 2006
  • Studienzentrum Weikersheim, tysk kristendemokratisk tankesmie etablert i 1979
  • Timbro, svensk markedsliberal tankesmie og bokforlag etablert i 1978
  • Chatham House
  • CNA
  • IISS

Kjelder[endre | endre wikiteksten]