Tarzan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk


Johnny Weissmuller som Tarzan i eventyrfilmen Tarzan (1932).

Tarzan er hovudpersonen i ein romanserie av Edgar Rice Burroughs på 24 bind, og dessutan ei bok med to forteljingar for barn. Tarzan er i bøkane son av to britiske adelege som vert etterlate av mytteristar på ein øyda strandstrekning på Afrikas vestkyst. I eit forsøk på å overleva byggar foreldra ei hytte i jungelkanten, men vert drepe av store aper medan guten er spedbarn. Tarzan vert oppdrege av apehunnen Kali og adoptert inn i apearten mangani, moglegvis eit mellomledd mellom sjimpansar og gorillaer. Tarzan finn etterkvart attende til hytta til foreldra og viser ein uvanleg intelligens ved å læra å lesa og skriva av ABC-bøkene dei hadde med seg. Han finn òg ein stor kniv som gjer at han klarer å drepa ein gorilla som angrip han. Han etablerer seg etterkvart som leiar av apeflokken, ved å overvinna den tyranniske og sjalu leiaren Kerschak. Seinare kjem han i kontakt med andre menneskje og moderne sivilisasjon. Han set til livs sin rettmessige posisjon i det britiske adelsskapet før han vender attende til Afrika og ein periode buset seg på ein gard.

mini

Romanserien utvikla seg til ei blanding av samtidskommentar, science fiction og historisk fantasi. Tarzan kjempar mot alt frå arabisk slavehandel til russiske eventyrare. Han er ein skarp sivilisasjonskritikar som føretrekker det enkle og nådelause livet i naturen. Han fører geriljakrig på britisk side i Den fyrste verdskrigen og deltek i flyvåpenet i andre verdskrig, der han vert skote ned over Sumatra og samarbeider med amerikanarane i kampen mot den japanske okkupasjonen. Ei vanleg handling i ein Tarzan-bok er oppdaginga av bortgjemte land som Pal-ul-don med dinosaurar og apemenneske, og tapte sivilisasjonar av alt frå romarar til riddarar, der Tarzan ofte vert vikla inn i kampane mellom to uforsonlige byar. I ein av bøkene reiser han òg til Pellucidar i jorda si indre og vert dermed ein del av Burroughs romanserie om denne bortgjemte verda.

Det fyrste bindet i serien vart utgjeven i 1914, etter at den først vart publisert i eit magasin i 1912, og serien held fram inntil forfattarene død i 1950. Seinare har det vorte laga ei rekkje andre forteljingar, bøker, teikneseriar, TV-seriar og filmar om Tarzan. Det amerikanske filminstituttet har kåra Tarzan til det 34. beste filmhistorias helteskikkelse.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Mowgli, jungelguten i Jungelboken

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «AFI'S 100 YEARS...100 HEROES & VILLAINS». Det amerikanske filminstituttet. Henta 1. juni 2018.