Taslima Nasrin
Taslima Nasrin | |
![]() | |
Fødd | 25. august 1962 (60 år) Mymensingh |
Yrke | skribent, lege, kvinnesaksforkjemper, secularist |
Språk | bengali |
Ektefelle | Rudra Mohammad Shahidullah, Nayeemul Islam Khan |
Signatur | ![]() |
Taslima Nasrin på Commons |
Taslima Nasrin (fødd 25. august 1962) er ein bangladeshisk forfattar som har levt i eksil sidan 1994.
Taslima Nasrin blei fødd i Mymensingh nord i Bangladesh og er utdanna lege. Bøkene hennar tek særleg opp vanskane til kvinner i Bangladesh, men også dei vanskeleg tilhøva til hinduminoriteten i landet, og ho har vore kritisk til islam og særleg muslimsk fundamentalisme.
Strid og eksil[endre | endre wikiteksten]
Sidan ho debuterte med romanen Lajja i 1994 har Nasrin vore forfølgd for det ho skriv. I Bangladesh blei ho drapstruga og flykta frå landet. Ho fekk opphald og heldt fleire år til i Sverige, men drog sidan til Kolkata i den indiske delstaten Vest-Bengal, der ein snakkar morsmålet hennar, bengali.
Utgjevinga av sjølvbiografiske Dwikhondito skapte oppstyr på grunn av utsegner om profeten Muhammed og konene hans, og boka blei forboden i Vest-Bengal. Ved lanseringa av romanen Shodh i Hyderabad i 2007 blei ho fysisk angripen av folk som truga med å drepa henne, og store demonstrasjonar i Kolkata førte seinare til at dei indiske styresmaktene flytta henne til andre delstatar, før ho til slutt i praksis blei sett i husarrest i Delhi. Ho kunngjorde i mars 2008 at ho ville forlata India på grunn av dei vanskelege tilhøva ho levde under der.[1]
Prisar[endre | endre wikiteksten]
- Sakharov-prisen 1994
Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]
- Lajja (på norsk: Skam) 1994 ISBN 82-03-20126-1 (Dokumentarisk roman frå Bangladesh)
- Pherā 1994 ISBN 81-7055-370-9
- Nasht larkī : nasht gadya, 1995 ('Ei øydelagd jente sin øydelagde prosa', artiklar om kvinner) ISBN 81-7055-381-4
- Meyebela : my Bengali girlhood 1998 (med undertittelen «A memoir of growing up female in a Muslim world») ISBN 1-58642-051-8
- Dwikhondito 2002
- Shūrayī 2003
- Shodh 2007
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Må bli i fangenskap eller forlate landet» i ABC Nyheter, 19. februar 2008
- «Muslimsk dødsdom mod forfatter» i Kristeligt Dagblad, 21. august 2007
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell nettstad
- 'Condemned to life as an outsider', intervju i The Guardian, 30. november 2007