Tatjana Tolstaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Tatjana Sukhotina-Tolstaja.
Tatjana Tolstaja
Tatyana Tolstaya.jpg
Fødenamn Татья́на Ники́тична Толста́я
Fødd 3. mai 1951 (69 år)
St. Petersburg
Yrke skribent, essayist, litteraturkritikar, journalist, programleiar, kommentator, arrangementvert
Sjanger prosa, novelle, roman, essay, litterær skisse
Far Nikita A. Tolstoy
Mor Nataliya Mikhailovna Lozinskaya
Ektefelle Andrej Lebedev
Born Artemij Lebedev
Tatjana Tolstaja på Commons

Tatjana Nikititsjna Tolstaja (fødd 3. mai 1951) er ein russisk forfattar og programleiar. Ho høyrer til familien Tolstoj, og er barnebarn av Aleksej Tolstoj.

Tolstaja blei fødd i dåverande Leningrad i Sovjetunionen, no kjend som Sankt Petersburg i Russland. Ho flytta til Moskva tidleg på 1980-talet. I 1983 debuterte ho i bladet Avrora med novella «Na zolotom kryl'tse sideli» (На золотом крыльце сидели). Seinare har Tolstaja skrive både skjønnlitteratur og sakprosa.

På 1980- og 1990-talet var ho fleire år i USA, der ho underviste ved fleire ulike universitet.[1]

Frå 2002 til 2014 var ho programleiar i det russiske fjernsynsprogrammet Sjkola zloslovija (Школа злословия, etter skodepelet The School for Scandal av Richard Sheridan), der ho intvervjua ulike personar knytte til russisk kultur og politikk.[2]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Verk omsette til norsk:

  • Na zolotom krylce sideli. Norsk omsetjing Elsker - elsker ikke og andre historier (omsett av Ingvild Broch. Oslo: Cappelen, 1990)

Verk omsette til svensk:

Verk omsette til engelsk:

  • Tolstaya, Tatyana (1989). On the golden porch. Sett om av Antonina W. Bouis. New York: Knopf. 
  • — (1990) [1989]. On the golden porch. Reprint. Sett om av Antonina W. Bouis. New York: Vintage. 
  • — (1990) [1989]. On the golden porch and other stories. Reprint. Sett om av Antonina W. Bouis. Penguin. 
  • Sleepwalker in a Fog, Alfred A. Knopf, New York, 1991, then Vintage Books, 1993; ISBN 0-679-73063-X
  • Pushkin's Children: Writings on Russia and Russians. Boston and New York: Houghton Mifflin. 2003. Henta 25. mars 2017. 
  • The Slynx. New York: New York Review of Books Classics. 2003. Henta 24. mars 2017. 
  • White Walls. New York: New York Review of Books Classics. 2007. Henta 24. mars 2017. 
  • Aetherial Worlds: Stories. Sett om av Anya Migdal. New York: Knopf. 2018. ISBN 978-1524732776. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1], nyrb.com, 22. mars 2017.
  2. Profile, rbth.com, 13 May 2015.