Tautra Mariakloster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tautra Mariakloster
Kart
Tautra Mariakloster
63°34′38″N 10°36′14″E / 63.5773°N 10.6039°E / 63.5773; 10.6039
Kyrkja som er teikna av Jensen & Skodvin Arkitektkontor.
Foto: Shekko

Tautra Mariakloster er eit katolsk kvinnekloster på øya Tautra i Trondheimsfjorden. Tautra ligg i Frosta kommune i Nord-Trøndelag. Nonnene i klosteret høyrer til cisterciensarordenen.

Klosteret ligg ikkje langt frå ruinane av Tautra kloster frå mellomalderen, som var eit munkekloster frå den same ordenen. Tautra Mariakloster vart grunnlagt i provisoriske bygningar i 1999. Grunnsteinen til eit nytt kloster vart så lagt ned av dronning Sonja 8. mai 2003. Den 25. mars 2006 vart klosteret gitt status som sjølvstendig priorat. Klosterbygningane vart tatt i bruk i 11. juli 2006.[1][2]

I mars 2007 vart det nye bygget, som er teikna av Jensen & Skodvin Arkitektkontor, kåra til «årets bygg» for 2006 av byggebransjen i Noreg.[3][4]

Klosterkyrkja vart vigsla 12. mai 2007. Ved dette høvet var òg dronning Sonja til stades.[5]

Kommunestyret i Frosta nominerte i oktober 2011 klosteret som kulturminne.[6]

Relikviar[endre | endre wikiteksten]

I samband med vigslinga vart det lagt inn relikviar av følgjande helgenar i altaret: den heilage martyren Maria Goretti (1890–1902), den salige bulgarske biskopen og martyren Eugenius Vincent Bossilkov CP (1900–1952), den heilage Benedikt av Nursia (ca 480-547), den heilage karmelittsøstera og kyrkjelæraren Teresa av Lisieux OCD (1873–1897), den salige spanske trappistoblaten Rafael Arnáiz Barón OCSO (1911–1938) og den salige sardinske trappistsøstera Maria Gabriela Sagheddu OCSO (1914–1939).[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Viste frem nytt kloster» – NRK Trøndelag, 9. august 2006
  2. «Bønnestund i Guds frie natur» Arkivert 2008-10-24 ved Wayback Machine. – Trønder-Avisa, 9. august 2006
  3. Adresseavisen: «Tautra-klosteret er årets bygg», arkivert frå originalen 27. desember 2014, henta 6. august 2012 
  4. NRK: «Klosteret på Tautra årets bygg»
  5. katolsk.no: «Kirkevigsel på Tautra»
  6. «Nominert som kulturminne»[daud lenkje] Stjørdals-Nytt 13. oktober 2011, besøkt 14. oktober 14. oktober 2011
  7. Frå biografien om Teresa av Lisieux på katolsk.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]