Taylor Swift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Taylor Swift
Taylor Alison Swift
Taylor Swift 2 - 2019 by Glenn Francis (cropped).jpg
Fødd13. desember 1989 (29 år)
FødestadReading
FødenamnTaylor Alison Swift
OpphavUSA
Aktiv2006–
SjangerCountry, pop
InstrumentVokalist, gitar, piano, ukulele
Stemmetypemezzosopran
PlateselskapBig Machine Records, Republic Records
Verka somsinger-songwriter, skodespelar, pianist, banjospelar, komponist, gitarist, songar, fjernsynsskodespelar, musikkprodusent, filmskodespelar, stemmeskodespelar, velgjerar
MorAndrea Swift
FarScott Swift
Sambuar medJoe Alwyn
PrisarDick Clark Award for Excellence, MTV Video Music Award for Best Female Video

Taylor Alison Swift (fødd 13. desember 1989) er ein prisvinnande, bestseljande countrymusikar frå Pennsylvania i USA. Ho syng, speler gitar og skriv eigne låtar. Swift har også spelt i filmar og fjernsynsseriar. Swift debuterte i 2006, då ho var 16. Frå byrjinga gjorde singlane og albuma hennar det godt på salslistene, og Swift har sett fleire rekordar. Ho har også vunne ei rekkje prisar. Etter lanseringen av det femte albumet sitt, 1989, blei Swift den einaste artisten som hadde hatt tre ulike album som hadde solgt over éin million kopiar i sine respektive lanseringsveker.[1]

Swift har vunne ei rekkje prisar, mellom anna ti Grammy-prisar, 19 American Music Awards,[2][3][4][5][6][7][8][9] 12 Country Music Association Awards, 8 Academy of Country Music Awards, 22 Billboard Music Awards, 1 Brit Award og 1 Emmy.

Taylor Swift har spelt i filmen Valentine's Day mot Taylor Lautner og hadde ei rolle i Hannah Montana: The Movie. På fjernsyn har ho spelt i seriane CSI, Grey's Anatomy og Law & Order. Taylor Swift har også gjeve ut ein parfymekolleksjon, Wonderstuck.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Taylor Swift vart fødd i Reading i Pennsylvania[10] og voks opp der og i Wyomissing.[11] Faren var aksjemeklar og mora var heimeverande då ho voks opp.[12] Ho har ein yngre bror, Austin.[13]

Då Taylor Swift var ni blei ho interessert i musikalsk teater, og blei med i fleire produksjonar med Berks Youth Theatre Academy.[14] Som tidleg musikkinspirasjon hadde ho bestemora Marjorie Finlay, som song opera, lærarar frå skulen, countrymusikar som Patsy Cline, LeAnn Rimes, Shania Twain, Dolly Parton, Dixie Chicks og Tina Turner. Ho har skrive fleire av songane sine saman med Liz Rose.

Taylor Swift opptrer i 2006.
Foto: Dwight McCann

Swift og mor hennar vitja countryhovudstaden Nashville for første gong då ho var elleve, og gav ein demoteip der ho song karaokeversjonar av Dolly Parton- og Dixie Chicks-songar.[15] Ingen av dei store plateselskapa viste interesse, så Swift bestemte seg for å finna ein måte å skilja seg ut på.[16] Då Swift var om lag 12 fekk ho hjelp av den lokale musikaren Ronnie Cremer til å læra seg gitarspel og å skriva songar. Dette førte fram til songen hennar «Lucky You».[17][18]

I 2003 byrja Swift og foreldra å arbeida med musikk-manageren Dan Dymtrow frå New York. Med hans hjelp ble Swift modell for Abercrombie & Fitch som del av deire «Rising Stars»-kampanje, fekk ein original song med på ein samle-CD frå Maybelline og hadde møte med større plateselskap.[19] Då ho var 14, flytta familien til ein forstad til Nashville. Etter lengre kontakt med Scott Borchetta fekk ho tilbod om kontrakt med det nye selskapet han hadde starta Big Machine Records, og blei dermed den yngste artisten eigaren Sony/ATV Music Publishing hadde signert.

Taylor Swift ved MTV Video Music Awards i 2009.
Foto: Philip Nelson

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Første singelen til Swift, «Tim McGraw», nådde sjetteplassen på Billboard si singelliste. Andre singelen, «Teardrops on My Guitar», gjorde det godt på countrylistene og på dei generelle liste, også som ein pop-remiks. «Our Song» nådde førsteplassen og «Picture to Burn» nådde tredjeplassen på countrylistene, medan siste singelen «Should've Said No» igjen nådde førsteplass.

«Love Story», første singelen frå neste albumet, blei ein stor hit verda over. Frå han blei sloppen 12. september til 8. februar 2009 blei han den mest nedlasta songen for betaling nokonsinne.

Singelen « Mine» frå tredje albumet hennar blei tjuvsluppen på Internett og deretter tidleg sloppe av plateselskapet den 4. august 2010. Det er selt over ein million eksemplar av han.

Taylor Swift ved Time 100 Gala i mai 2010.
Foto: David Shankbone

Album[endre | endre wikiteksten]

Debutalbumet Taylor Swift kom ut 24. oktober 2006 og selde 39 000 kopiar i USA den første veka det var i sal.

I 2007 gav Swift ut julealbumet Sounds of the Season: The Taylor Swift Holiday Collection i avgrensa opplag.

Fearless var andre studioalbumet av Taylor Swift og kom ut 11. november 2008. Albumet selte nesten 600 000 kopier den første veka, og Taylor blei den første country-artisten som hadde selt så mykje den første veka.

Det tredje albumet, Speak Now, selde i éin million eksemplar i løpet av den første veka etter at det blei utgjeve den 25. oktober 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NY Daily News: Taylor Swift’s ‘1989’ sells 1.287 million copies in first week, biggest open in 12 years
  2. «2007 American Music Awards Nominees and Winners». Los Angeles Times.
  3. Fleeman, Mike (2008-11-23). «Chris Brown Dominates American Music Awards – American Music Awards, Chris Brown». People.
  4. «A Complete List of 2009 AMA Winners». CBS News. 2009-11-23.
  5. Rovenstine, Dalene (November 21, 2010). «American Music Awards». Entertainment Weekly.
  6. «American Music Awards 2011: Full list of winners». ABC.
  7. «American Music Awards 2012: Complete Winners List». MTV. November 18, 2012.
  8. «American Music Awards 2014 Winners – AMAs The Complete List». ABC.
  9. «See all the winners from the 2015 AMAs». Entertainment Weekly.
  10. «Taylor Swift Biography: Singer (1989–)». FYI. Arkivert frå originalen den August 30, 2016. Henta 9. april 2015. 
  11. Mennen, Lauren (November 12, 2014). «Taylor Swift's Wyomissing childhood home on the market for $799,500». Philadelphia Daily News. Arkivert frå originalen den October 17, 2016. Henta October 13, 2016. 
  12. Jepson, Louisa (2013). Taylor Swift. Simon and Schuster. s. 1. ISBN 978-1-4711-3087-8. Henta August 16, 2016. 
  13. Roth, Madeline (May 19, 2015). «Taylor Swift's Brother Had The Most Epic Graduation Weekend Ever». MTV News. Arkivert frå originalen den July 23, 2016. Henta July 25, 2016. 
  14. «Taylor Swift, Age 12». New York Daily News (New York). Arkivert frå originalen den 27. august 2016. Henta 26. august 2016. 
  15. «News : CMT Insider Interview: Taylor Swift (Part 1 of 2)». CMT. November 26, 2008. Arkivert frå originalen den 23. januar 2015. Henta 1. juli 2012. 
  16. «Taylor Swift: The Garden In The Machine». American Songwriter. 2. mai 2011. Arkivert frå originalen den 10. mai 2012. Henta 21. mai 2012. 
  17. Martino, Andy (10. januar 2015). «EXCLUSIVE: The real story of Taylor Swift's guitar 'legend'». New York Daily News (på engelsk) (New York). Arkivert frå originalen den 22. november 2015. Henta 28. august 2017. 
  18. Martino, Andy (10. januar 2015). «Exclusive: The real story of Taylor Swift's guitar 'legend'». New York Daily News (New York). Arkivert frå originalen den 22. november 2015. Henta 10. november 2015. 
  19. «americanbar.org PDF» (PDF). Americanbar.org. Arkivert (PDF) frå originalen den 11. oktober 2012. Henta April 18, 2012.