Teak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teak
Tectona grandis i Kolkata i den indiske delstaten Vest-Bengal.
Tectona grandis i Kolkata i den indiske delstaten Vest-Bengal.
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Leppeblomfamilien Lamiaceae
Slekt: Teak Tectona
L.f., 1782

Teak (uttalt /tik/) er lauvtre i slekta Tectona, ei gruppe tropiske edeltre i jernurtfamilien (Verbenaceae). Dei er heimehøyrande i Sør- og Aust-Asia, og utgjer ofte ein komponent i monsunskog-vegetasjon. Teaktrea feller lauv i tørketida. Dei er store, og kan verte opp til 50 meter høge, med ei stamme på to-tre meter i tverrmål. Stamma er sylindrisk og heilt bein i nesten heile lengda. Greinene er kraftige og sit høgt. Dei store blada er motsette, elliptiske og heilranda, med grasgrøn overside og sølvgrå underside. Blomane er kvite og duftar godt, fruktene er runde og ligg i kapslar.

Teakvyrke

Yteveden i treet er grågul og vert ikkje nytta som trevyrke. Kjerneveden er gulbrunt gyllen med mørkare teikningar, ofte med grønlege tonar før han har «modna» i lys og luft og verte raudbrun. Teak er høgt skatta som trevyrke av di det er haldbart, lite brennbart, motstandsdyktig mot rote og syre, krympar særs lite, og har god styrke dersom breidda på årringane ikkje er mindre enn to millimeter. Densitet ved 15 % fukt i vyrket er om lag 0,69 g/cm3.

Det finst tre artar av teak:

  • Vanleg teak (Tectona grandis) er den kommersielt viktigaste og er vidspreidd i India og Indokina.
  • Dahat-teak (Tectona hamiltoniana) er ein lokal, endemisk art i Myanmar (Burma), der han er rekna som truga.
  • Filippineteak eller filippinsk teak (Tectona philippinensis) er ein endemisk art frå Filippinane som òg er rekna som truga.

Kultivering og bruk[endre | endre wikiteksten]

Vimanmek-slottet i Bangkok er bygd av teak.

Teak er lett å arbeide med og har naturlege oljer som gjer han godt eigna til bruk på vêrutsette stader. Teak frå gamle og seintvaksne tre frå naturlege skogar er hardare og meir haldbart. Teak frå unge, rasktveksande plantasjetre er mindre haldbart og har ein tendens til oppflising og vasskader.

Teak er særleg bruka som material til skipsdekk, utandørsmøblar, ytterdører og andre ting som treng å vera vêrbestandige og gjerne òg slitesterke. Til innandørs bruk er teak ein del bruka itregolv. Tradisjonelt har teak òg vore bruka til innandørsmøblar som salongbord, spisebord, radiokabinett og liknande.

Mykje av verdas teakvirke er eksportert frå Indonesia og Myanmar, Thailand og Java. «Burma-teak» frå Myanmar har til vanleg vore rekna som det beste. Men det er ikkje mogleg å avgjere med visse kva område materiala kjem i frå, ettersom arten er den same og variasjonane i vekstvilkåra ikkje er så typiske at dette gjev seg generelt utslag i vyrket. Det er sorteringa av vyrket og handsaminga av det som kan gje seg utslag i kvaliteten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]