Tears in Heaven

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tears in Heaven
Singel av Eric Clapton
frå albumet Rush og Unplugged
B-side

«Tracks and Lines»

Språk engelsk
Utgjeve Januar 1992
Sjanger Softrock, akustisk rock
Lengd 4:30
Selskap Warner Bros. Records
Komponist Eric Clapton
Tekstforfattar Eric Clapton, Will Jennings
Låtskrivar(ar) Eric Clapton og Will Jennings
Produsent Russ Titelman
Eric Clapton-kronologi 
«Wonderful Tonight»
(1991)
Tears in Heaven «Layla»
(1992)


«Tears in Heaven» er ein ballade skriven av Eric Clapton og Will Jennings om smerta Clapton følte då den fire år gamle sonen hans, Conor, omkom,[1] etter å falle ut frå eit vindauge i 53. etasje frå ei leilegheit i New York hos ein ven av mora, den 20. mars 1991. Clapton, som kom til leilegheita kort tid etter ulukka,[2] var synleg forstyrra i fleire månader etter.[1] Songen er ein av dei mest populære songane til Clapton og nådde andreplassen i USA.

Will Jennings, som skreiv songen i lag med Clapton, var først motvillig til å hjelpe han med ein så personleg song.[1] Songen vart først gjeven ut på filmmusikken til filmen Rush, og så på Unplugged året etter. Clapton vann med songen Grammyprisen for årets song, årets plate og beste mannlege popvokal i 1993.[3]

«Eric og eg skulle skrive ein song for ein film kalla Rush. Me skreiv ein song kalla 'Help Me Up' for slutetn av filmen... så såg Eric ein annan stad i filmen for ein song og han sa til meg, 'Eg vil skrive ein song om guten min.' Eric hadde første verset av songen alt, som for meg er heile songen, men han ønskte at eg skulle skrive resten av versa og mellomspelt ('Time can bring you down, time can bend your knees...'), sjølv om eg fortalde han at det var så personleg at han burde skrive han sjølv. Han fortalte meg at han beundra det eg hadde gjort med Steve Winwood og til slutt var det ikkje noko anna enn å gjere som han bad om, trass i at det var kjenslemessig. Denne songen er så personleg og så trist at han er unik med min erfaring som låtskrivar» – Will Jennings[2]

Clapton slutta å spele songen i 2004, samt songen «My Father's Eyes».

«Eg følte ikkje det tapet lenger, som er ein så stor del av dei songane. Eg må verkeleg sette over til dei kjenslene som var der då eg skreiv dei. Dei er på ein måte borte no og eg vil verkeleg ikkje ha dei attende. Livet mitt er annleis no. Dei treng truleg berre ein pause og kanskje eg spelar dei igjen seinare.»

Kort tid etter singelen kom ut, spelte han på MTV Unplugged og spelte inn ein ny versjon av songen.[4]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spela songen er Joshua Redman, Warren Hill, Paul Anka, Declan Galbraith, Coko, Aaron Hall og Jeff Berlin.

Unser Star für Baku[endre | endre wikiteksten]

I det andre programmet i den tyske musikktevlinga Unser Star für Baku, som òg var den tyske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012, framførte Andrew Fischer songen «Tears in Heaven». Han enda på sjuandeplass, gjekk ikkje vidare i tevlinga, og fekk dimed ikkje representere Tyskland i Eurovision Song Contest 2012.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]