All Shook Up

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
All Shook Up
Singel av Elvis Presley
B-side «That's When Your Heartaches Begin»
Utgjeve 22. mars 1957
Innspelt 12. januar 1957, Radio Recorders, Hollywood, California
Sjanger Rock and roll, rhythm and blues
Lengd 1:57
Selskap RCA Victor
Låtskrivar(ar) Otis Blackwell og Elvis Presley
Elvis Presley-kronologi
«Too Much»

(1957)

All Shook Up «(Let Me Be Your) Teddy Bear»

(1957)


«All Shook Up» er ein song skriven av Otis Blackwell og Elvis Presley og spelt inn av Presley. Singelen nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA den 13. april 1957, og låg der i åtte veker.[1] Han toppa òg Billboard R&B-lista i fire veker, den andre singelen til Presley som klarte dette, og nådde tredjeplassen på countrylista.[1] Singelen selde til dobbel platina av RIAA.

Songen vart rangert på 352. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje Elvis-biografen Fred Worth skal Blackwell ha skrive songen i kontora til Shalimar Music i 1956 etter at Al Stanton, ein av eigarane av Shalimar, rista på ei flaske Pepsi og føreslo at han skreiv ein song basert på uttrykket «all shook up.»[1]

I følgje Peter Guralnick har songen eit anna opphav. I boka si Last Train To Memphis skreiv han at Elvis meinte «All Shook Up» var eit godt uttrykk for eit refreng. For dette vart Elvis tilskriven som låtskrivar. Dette var siste gongen Elvis vart nedskriven som medlåtskrivar.[2]

Elvis sjølv sa under eit intervju 28. oktober 1957: «Eg har ikkje gong hatt ein idé til ein song. Berre ein gong kanskje. Eg gjekk til sengs ein kveld og hadde litt av ein draum og vakna heilt i frå meg (shook up på engelsk). Eg ringde ein kamerat og fortalte han om det. Om morgonen hadde han ein ny song, 'All Shook Up'.» [3]

Den framtidige Last House on the Left-skodespelaren David Hess, som brukte scenenamnet David Hill, var den første til å spele inn songen. Han gav han ut eit par veker før Elvis på Aladdin Records, kalla «I'm All Shook Up».[4][5]

Vicki Young spelte inn ein annan song med same tittel, «(I'm) All Shook Up», på Capitol Records med Big Dave and His Orchestra, skriven av Bill Bellman og Hal Blaine i 1956.[6]

Den 12. januar 1957 spelte Presley inn songen i Radio Recorders i Hollywood.[1] Duettvokalen på innspelinga er av førstetenoren i The Jordanaires Gordon Stoker. Det 10. opptaket vart nytta til utgjevinga og i mars gjekk songen inn på Billboard's Top 100-lista 25. plassen.[1] I løpet av tre veker slo han Perry Como sin «Round and Round» ned frå toppen av lista, og vart liggande på toppen i åtte veker.[1] Songen vart òg den første singelen til Presley som gjekk til topps på UK Singles Chart i Storbritannia, der han låg i sju veker.[7] Singelen slde over to millionar eksemplar,[1] og songen vart kåra til årets song på Billboard for 1957.

Beatles-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I følgje biografen Mark Lewisohn i «The Complete Beatles Chronicle» (s. 361), spelte The Beatles (først som The Quarrymen) ofte songen, frå 1957 til 1960 (og kanskje seinare) med Paul McCartney på vokal. Det finst ingen innspelingar av songen frå denne tida. Songen vart spelt inn 13. januar 1969 under den massive Get Back-innspelinga. Innspelinga er ikkje gjeven ut offisielt. I 1999 spelte Paul McCartney inn ein versjon på albumet Run Devil Run.

Billy Joel-versjonen[endre | endre wikiteksten]

All Shook Up
Singel av Billy Joel
frå albumet Honeymoon in Vegas
B-side «Wear My Ring Around Your Neck», «Surrender»
Utgjeve 1992
Sjanger rock
Lengd 2:09
Låtskrivar(ar) Otis Blackwell, Elvis Presley
Billy Joel-kronologi
«Shameless»
(1991)
All Shook Up «The River of Dreams»
(1993)


I 1991 spelte Billy Joel inn songen for filmen Honeymoon in Vegas, der andre artistar spelte andre Elvis Presley-songar. Han vart gjeven ut på singel og nådde 92. plassen i USA og 27. plassen på den britiske singellista.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Lister (1992) Plassering
Australian Singles Chart[8] 54
Canadian Singles Chart[9] 28
Den franske singellista[10] 60
Tyske Media Control Charts 52
Irish Singles Chart 23
New Zealand Singles Chart 26
UK Singles Chart 27
U.S. Billboard Hot 100 92
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 15

Andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Instrumentale versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre språk[endre | endre wikiteksten]

Det er laga to omsetjingar av songen på fransk, den eine av Gilles Brown kalla «Je suis cinglé» og spelt av Johnny Farago i 1968, og den andre av Jacques Poterat kalla «Crever d'amour» og spelt inn av Teddy Raye et ses Teddy Boys i 1962. Ein versjon på finsk, omsett av Juice Leskinen kalla «Järkytyin» vart septl inn av Eero ja Jussi i 1980. Wigbert skreiv ein nederlandsk tekst på songen, kalla «Wakker geschud», som han spelte inn i august 1992. Denne versjonen vart òg spelt inn av The Wigs May i 2003 og Wim Leys & @Fundum i 2008.

See also[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Worth, Fred (1992). Elvis: His Life from A to Z. Outlet. s. 345–346. ISBN 978-0-517-06634-8. 
  2. Peter Guralnick (1994), Last Train to Memphis: The Rise of Elvis Presley, s. 386–387, ISBN 978-0-316-33220-0 
  3. «Interview with Elvis Presley». Official Elvis Presley Fan Club. 28. oktober 1957. Henta 5. oktober 2016. 
  4. «Elv1s 30 #1 Hits, 6 All Shook Up». www.elvisnumberones.com. New York, USA: Elvis Presley Estate. Henta 12. februar 2012. 
  5. Spielberg, Theo. «David Hess, Songwriter of Elvis Hits and Horror Actor, Dead at 69». Spinner. Henta 5. oktober 2016. 
  6. «Vicki Young». Saxonyrecordcompany.com. Henta 5. oktober 2016. 
  7. Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 32. ISBN 0-85112-250-7. 
  8. Ryan, Gavin (2011). Australia's Music Charts 1988–2010. Mt. Martha, VIC, Australia: Moonlight Publishing. 
  9. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 2011-09-09. 
  10. InfoDisc, Daniel Lesueur, Dominic Durand, Lesueur. «InfoDisc : Bilan des Ventes par Artiste». Infodisc.fr. Henta 2016-08-28. 
  11. Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Diskografi (5th utg.). Edinburgh: Mojo Books. s. 785–6. ISBN 1-84195-017-3. 
  12. Unterberger, Richie. «Suzi Quatro - Awards : AllMusic». www.allmusic.com. Ann Arbor, USA: Rovi Corporation. Henta 2 September 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]