Teddybjørn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teddybjørn som opphavleg tilhøyrde Kermit Roosevelt, barnebarnet til Theodore Roosevelt.
Theodore Roosevelt karikert av Berryman

Teddybjørn eller bamse er eit mjukt leiketøy som førestiller ein bjørn. Det blei utvikla ved byrjinga av 1900-talet, med to omtrentleg samtidige opphavsstader: Leiketøyprodusenten Morris Michtom i USA og Richard Steiff, som arbeidde for verksemda til tanta si Margarete Steiff, i Tyskland. Teddy-namnet er avleidd frå det til den amerikanske presidenten Theodore Roosevelt. Teddybjørnar blei populære leiker for barn som opptredde i soger, songar og filmar.[1]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Theodore Roosevelt hadde tilfeldigvis vore innblanda i ei jakthistorie med ein bjørn i 1902. Han nekta å skyta ein bjørn som andre hadde fanga for han. Karikaturteiknarar elska å framstilla hendinga, og då dei fyrste teddybjørnane blei lagt ut for sal i USA blei dei kalla Teddy's Bear etter presidenten. Dette blei etterkvart til Teddy bear, eller teddybjørn på norsk.

Kongeparken i Rogaland har ein egen temapark vigd teddybjørnar og andre kosedyr.[2] To av heltane i parken er Brumle og Brumleline.

Lunds Tivoli er det selskapet som deler ut flest teddybjørnar i året i Noreg. Lunds Tivoli blei skipa i 1895, og var ein av dei fyrste importørane av bamsar til Noreg.

Teddybjørnar i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Teddybjørnar har inspirert songar, forteljingar og andre medium, mellom anna:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. David Cannadine (1. februar 2003). «A point of view - The Grownups with teddy bears». BBC News. Arkivert frå originalen 5. juni 2020. Henta 1. februar 2013. 
  2. Ove Heimsvik (20. mai 2014). «Norrønaprisen til Kongeparken». Stavanger Aftenblad. Arkivert frå originalen 26. november 2016. Henta 25. november 2016. 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Teddybjørn