Hopp til innhald

Teknologirådet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Teknologirådet
TypeStatleg organ
Skipa1999
HovudkontorOslo
DirektørTore Tennøe
VerkeområdeNoreg
FokusTeknologi
Misjon«Teknologiråd for fremtidens samfunn» (visjon)[1]
TilsetteSjå dette på Wikidata
Medlemmer15
MottoTeknologiråd for fremtidens samfunn
Nettstadhttps://teknologiradet.no/ Sjå dette på Wikidata

Teknologirådet er eit norsk sjølvstendig, offentleg organ for teknologivurdering. Rådet skal identifisere viktige teknologiutfordringar og fremme debatt om dei høva og konsekvensane som ny teknologi skapar – for samfunnet og for den enkelte. Teknologirådet skal gje innspel om teknologiske val til Stortinget og øvrige styresmakter.

Teknologirådet gjennomfører prosjekter på fleire temaområde: klimasporet til maten, alderdom i framtida, personvern, nettspel, stamceller og kloning, berekraftig innovasjon, nanoteknologi, biodrivstoff, IKT og genmodifisert mat. Gjennom aktiv metodeutvikling for teknologivurdering og framsyn, involverer Teknologirådet både ekspertar, avgjersletakarar, interessenter og lekfolk i arbeidet sitt. Målet er å gje flest mogeleg høvet til å ta stilling i viktige teknologispørsmål. Kontakt med media er difor ein viktig del av oppgåvene til Teknologirådet.

Teknologirådet er medlem av organisasjonen European Parliamentary Technology Assessment Network (EPTA), som samlar institusjonar som driv med teknologivurdering i tilknyting til parlamenta i 14 europeiske land.

Teknologirådet vart oppretta ved kongeleg resolusjon i 1999, etter initiativ frå Stortinget. Rådet har 15 medlemmar oppnemnde av regjeringa og vert leia av Siri Hatlen. Sekretariatet til rådet held til i Oslo og vert leia av direktør Tore Tennøe.

For perioden 15. august 2012 til 14. august 2016 har rådet følgjande medlemmar:[2]

  1. Siri Hatlen, frittståande konsulent (leiar)
  2. Håkon Wium Lie, teknologidirektør, Opera Software
  3. Cecilie Mauritzen, direktør, CICERO
  4. Christine Meisingset, leder, berekraftige investeringar i Storebrand
  5. Bent Sofus Tranøy, førsteamanuensis, Høgskolen i Hedmark
  6. Cathrine Holst, postdoktor, Universitetet i Oslo ARENA Senter for europaforskning
  7. Reid Hole, dekan, Universitetet i Nordland
  8. Andrew Booth, forskar, SINTEF
  9. Odd Roger Enoksen, direktør, Andøya rakettskytefelt
  10. Randi Haakenaasen, sjefsforskar, Forsvarets forskningsinstitutt
  11. Ragnar Fjelland, professor, Universitetet i Bergen
  12. Silvija Seres, administrerande direktør, TechnoRocks
  13. Shahzad Asghar Rana, national technology officer, Microsoft
  14. Ola Dale, professor, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
  15. Edina Christin Ringdal, politisk rådgjevar, Oslo Arbeiderpartis bystyregruppe

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]