Siri Hatlen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Siri Hatlen

Fødd5. mai 1957
Bærum kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkesivilingeniør
Alma materNoregs tekniske høgskole

Siri Beate Hatlen (fødd 5. mai 1957) er ein norsk sivilingeniør frå Noregs tekniske høgskole i 1980. Hatlen har sidan 2007 vore konserndirektør i Statkraft.

Hatlen hadde ulike leiarstillingar i Statoil frå 1984 til 1996.[1] Etter det har ho arbeidd som konsulent og styremedlem ved ei rekkje verksemder, særleg i offentleg sektor. Ho var styreleiar i det statlege helseføretaket Helse Øst, og var ynskt som styreleiar i Helse Sør-Øst, men takka nei då helseminister Sylvia Brustad tilsette toppsjefen på eiga hand.[2]

Hatlen er styreleiar i Vinmonopolet og Samlaget og styremedlem i Norsk Bremuseum, NTNU, Kongsberggruppen og Scanarc. Ho har tidlegare vore styreleiar i det statlege industrireisingsføretaket Siva, Undervisningsbygg og Statens lånekasse for utdanning. Hatlen har òg vore styremedlem i Oslo Lufthavn AS.

Ho er gift med Birger Magnus, konserndirektør i medieverksemda Schibsted, som ho òg har fire ungar med. Hatlen har, som mannen sin, også ein MBA frå INSEAD i Frankrike.

Hatlen skal vere president i Den olympiske organisasjonskomitéen for vinter-OL for ungdom 2016Lillehammer.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]