Tipi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tipiar laga av shoshonifolk av dyreskinn. Bildet er teke mellom 1880 og 1900.

Ein tipi er eit kjegleforma telt som opphavleg blei laga av dyrehud eller bjørkebork og som vart gjort populært av urfolk frå dei nordamerikanske slettene. Bygningen var oppsiktsvekkande haldbar og gav varme og komfort til bebuarane under harde vintrar, var tørr i kraftig regn, og kjølig på varme sommardagar. Han var flyttbar, noko som var ein viktig faktor sidan dei fleste av slettefolka var nomadar. Tipien kunne demonterast og pakkast vekk på kort varsel når ei stamme bestemte seg for å flytta seg, og kunne setjast opp igjen like raskt når stammen fann seg ein ny bustad. Nordamerikanske urfolk eller «indianarar» er blitt stereotypisk knytte til tipiar, sjølv om urfolk frå andre område enn dei store nordamerikanske slettene vanlegvis bygde andre typar bustader.

Dagens tipiar er vanlegvis dekte av kanvas og blir brukte av urfolksfamiliar under powwowar eller i leirar der ein lærer dei yngre generasjonane om det tradisjonelle levesettet. Tipiar blir i dag òg brukte til historiske rekonstruksjonar og av folk som vil tilbake til eit meir tradisjonelt levesett. Dei blir òg i enkelte tilfelle brukt som turishytter.

Order tipi kom inn i språket frå lakotaordet thípi. Ordet består av to delar – verbet thí, som betyr 'å bu', og endinga pi, som indikerer at verbet omhandlar fleirtal. Saman betyr dette 'dei bur'. På lakotaspråket kan formelle verb brukast som substantiv, og dette er tilfellet med thípi som i praksis betyr 'hus'.

Uttrykt «wigwam» blir ofte brukt på feil vis for å visa til ein bustad av denne typen.

Oppbygging[endre | endre wikiteksten]

Sioux-tipiar. Måla av Karl Bodmer i 1833.

Tipiar har fire delar: Eit sett med mellom ti og tjue (avhengig av storleiken på tipien) pålar av ungtre, kleding laga av kanvas eller dyreskinn, i nokre tilfelle ei indre kanvas- eller skinnkleding, og ei dør av kanvas eller skinn. Tau og pluggar er nødvendige for å binda saman pålane, lukka døra, festa den indre kledinga og døra, og festa heile tipien til bakken. Tipiar skil seg frå andre typar telt gjennom to viktige karakteristiske trekk: Opninga i toppen med røykklaffar, som gjer det mogleg for bebuarane å laga mat og varma seg over open flamme, og kledinga, som gjer det mogleg å bringa inn frisk luft til eldstaden og bebuarane. Tipiar er konstruerte for å kunna setjast opp og takast ned igjen raskt, slik at brukarane lett kan flytta – hovudsakleg etter bison. Dei lange pålane kunne òg brukast til å konstruera ein slede som opphavleg blei trekt av hundar og seinare av hestar – ein såkalla travois.

Tipideksla blir laga ved å sy saman remsar av kanvas eller skinn for deretter å skjera ut ei halvsirkulær form frå desse. Dette blir då brukt til døra og røykklaffane, og gjer det mogleg for bebuarane å kontrollera avtrekket for å sleppa ut røyk frå eldstaden. Den gamle typen indre kleding var gjerne skinn, teppe og rektangulære bitar av tøy som hang mellom 1–2 meter over bakken og var festa til pålane med tau. Dagens moderne indre kleding er den vanskelegaste delen å måla, sidan det består av rombeaktige remser av kanvas som er sette saman i form av ei avkorta kjegle. Pålane, som er laga av avborka, polerte, tørka og tilspissa ungtre, blir skorne slik at dei er rundt 2 meter lenger enn radiusen til deksla.

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Tipikonstruksjon.

Det første trinnet for å setja opp ein tipi er å binda saman tre (eller i nokre høve fire) av pålane ved radiusen til duken frå basen. Ein ende av dette tauet bli så hengande frå punktet der dei blir bundne saman, og er då langt nok til å nå ned til basen av pålane. Desse tre pålane blir så reist opp, der dei lause endene blir spreidde slik at dei dannar eit triangel, der avstanden mellom kvar påle er radiusen til duken. Deretter blir rundt eit dusin pålar lagt oppå dei tre primærpålane – dei øvre delane blir lente opp mot delen som er bunden saman øvst, og dei nedre delane blir spreidde i form av ein sirkel som inkluderer dei tre opphavlege pålane. Den lause delen av tauet blir deretter surra fire gongar (ein for kvar årstid) rundt pålane på toppen, og stramma. Dette bind pålane til den øvre krona på tipien. Duken bli så bunden til ein annan påle (bakarste påle) som deretter blir løfta opp slik at toppen av pålen kviler der alle pålane møter kvarandre. Duken blir så trekt rundt rammeverket, og den overlappande saumen blir lukka med låsepinnar av tre – tynne pinnar som er rundt 25 cm lange, der den eine eller begge endane er spisse. Døropningen blir der dei to sidene møter kvarandre framme. Ei dør laga av eit teppe, skinn eller tøystykke blir hengt over opninga for å dekka inngangen.

Basen på duken blir så festa til bakken. Pluggar av tre blei førte gjennom sprekkar i botnen av duken og ned i bakken. Etter at ein tok i bruk kanvas og tøy blei runde småsteinar dytta inni tøyet og deretter band ein eit tau rundt denne bulen i tøystykket og ned til ein treplugg i bakken. Det må vera igjen ei lita glipe mot bakken for å auka ventilasjonen, dette er viktig for å hindra røyk frå bålet i å gli ned på innsida av duken. Botnen av dei sist monterte pålane blir rørt inn og ut for å stramma duken. Inne i tipien blir eit tau strekt frå påle til påle over hovudhøgde rundt heile tipien. Ein må passa på at tauet ikkje går rundt kvar enkelt påle berre på utsida av pålen, dette fordi vatn som renn nedover på innsida av pålen ikkje må hindrast av tauet, men kan renna uhindra ned til bakken. Ein indre duk blir strekt frå dette tauet og ned til bakkenivå og blir lagt 30 til 40 cm langs bakken mot midten av tipien. Underlag og andre ting blir deretter plasserte oppå den indre duken for å halda han på plass. Den indre duken verkar varmeisolerande og hindrar trekk. Denne indre duken er ikkje nødvendig i varmt vêr.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Oglala-siouxmann framfor fleire tipiar.
G.E. Trager , Tashun-Kakokipa (1891)

Tipien blei utforma for å gjera det mogleg å ha ein innandørs eldstad for oppvarming og matlaging om vinteren. Eldstaden skal vera under røykopninga, ikkje i senter av tipien . Det er to røykklaffar i toppen av tipien, som kan justerast med lange pålar. Desse røykklaffane er sette i rette vinklar i høve til vinden for å unngå at vinden blæs ned i tipien, og riktig innstilling av røykklaffane gir ein god sugeeffekt som er viktig for å dra røyk ut av tipien. I historisk tid har tipiar ein indre kledningsduk som vart brukt for å hindra trekk og auka isolasjonsevna. Ein indre duk hjelper til med å halda bebuarane varme om vinteren. For å hjelpa røyken ut kan det leggast (gravast ned) eit røyr for å føra luft utanfrå direkte inn til eldstaden.

Under sterk vind blir den lause tauenden frå toppen av tipien festa til bakken bak eldstaden. Dette hindrar at pålane inne i tipien blir løfta opp av vinden og flyttar seg litt før dei set seg i bakken igjen. Ein tipi er svært motstandsdyktig mot vind.

I varmt vêr kan ein òg bruka den indre duken. Han isolerer mot varme slik som han isolerer mot kulde, og det kan òg bli kaldt om natta sjølv om det er sommar. Den ytre duken kan rullast opp litt, og svak bris vil skapa god ventilasjon.

Ein tipi kan få inn noko vatn i periodar med pøsregn. Ein innvendig regnfangar av kanvas med eit avløp til utsida kan brukast for å samla regn som dryper ned frå toppen av pålane.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Lavvo, tradisjonelt samisk telt
  • Wigwam (wickiup), kuppelforma hytte hjå urfolk i Nord-Amerika
  • Hogan, tradisjonell jordhytte hjå navahoar
  • Jurt, tradisjonelt filttelt hjå nomadar i Sentral-Asia.
  • Tsjum, tradisjonelt, konisk telt hjå nenetsarar i Nordvest-Russland
  • Jaranga, tradisjonelt telt hjå visse nomadiske gruper i Sibir og Nord-Russland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Tipi