Terje Totland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Terje Totland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. februar 1957 (67 år)
Lindås kommune
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976

Terje Totland (fødd 14. februar 1957) er ein norsk tidlegare høgdehoppar frå Lindås i Hordaland. Han vart noregsmeister i øvinga seks gongar og sette norsk rekord i 1977 med eit hopp på 2,22 meter. Totland var medlem i Eikanger Idrettslag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Totland tangerte noregsrekorden i høgdehopp på Ostereidet 10. juli 1976. Han svinga seg då over 2,19 meter og fekk OL-billett. Tre veker seinare kom han på niandeplass i OL-finalen etter å ha teke høgda 2,18 m i sitt andre forsøk. Under noregsmeisterskapen, to veker etter sommarleikane i Montreal, hoppa han 2,17 m. Likevel måtte han nøye seg med sølv ettersom noregsrekordhaldaren Leif Roar Falkum tangerte rekorden sin. Vel to veker etter NM i Askim forbetra Falkum noregsrekorden til 2,20 m.

Den 31. juli 1977 på Hamar, i den norske juniormeisterskapen, tok Totland over som norsk rekordhaldar ved å gå over 2,22 meter. Noregsrekorden hans stod i 10 år, til dess Håkon Särnblom i mai 1987 hoppa 2,23 m. Åra 1977-78, 1980-81 og 1983-84 vann Totland gullmedaljen i noregsmeisterskapen i friidrett. Beste vinnarhoppet gjorde han då han i 1984 tangerte meisterskapsrekorden på 2,19 m. Han kvalifiserte seg til høgdehoppfinalen EM i friidrett 1978, enda på delt 14. plass med sine 2,15 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]