Terje Winterstø Røthing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terje Winterstø Røthing
Terje Winterstø Røthing.jpg
Fødd 5. august 1977
Yrke songar, musikar, gitarist
Terje Winterstø Røthing på Commons

Terje Winterstø Røthing (fødd 5. august 1977) er gitarist i det norske bandet Kaizers Orchestra. Han blei med i gruppa i 2000, men hadde òg vore med på prosjekta bandmedlemene hadde før dette. Terje var ein gamal musikarkamerat av Janove Ottesen og Geir Zahl, og hadde vore med på alle innspelingane Blod, Snått & Juling og gnom hadde gjort. Terje hadde, som Geir, bakgrunn frå Klepp Rockeklubb og spelte funk/rockegitar i Zombie Porkchop og seinare indie-gitar i Watershed. Han er dessutan vokalist og gitarist i punkbandet Skambankt.

Winterstø Røthing er kjent som «blondina» i Kaizers Orchestra, og er også den yngste i gruppa. I følgje bandintroduksjonen til Janove Ottesen på konsertar spelte Terje tidlegare i Johnny and The Sexual Problems som han turnerte med på Balkan90-talet.